TEST KUNNSKAPEN: 21 spørsmål i 4 kategoriar utgjer vår Påskequiz.
TEST KUNNSKAPEN: 21 spørsmål i 4 kategoriar utgjer vår Påskequiz. (Foto: Montasje)

Bryn deg på vår påskequiz, få sjansen til å vinna eit PåskeFlax-lodd

I årets påskequiz set me lokalkunnskapen på prøve i fire kategoriar. Vinnaren og ein heldig utvald vil få eit skrapelodd i posten. 

Påskequiz: Nokre tradisjonar er betre enn andre. Påskequiz er definitivt i den hyggjelegare enden av skalaen. Difor har me sett saman 21 spørsmål du kan bryna deg på, alle med ein lokal vri.

Me startar ut med fem sportsspørsmål, før me hoppar vidare til kulturlivet, tek ein pitstopp hos næringslivet, før me rundar av med lett blanding. Dei som har lese Porten.no det siste året vil ha gode sjansar til å plukka poeng.

Den som greier flest svar vil få eit PåskeFlax i premie. I tillegg blir det trekt ut eit vanleg Flax-lodd til ein tilfeldig deltakar.  Vinnarane og fasiten vil bli offentleggjorde på måndag 1. april. For å ta del, sender du berre ein mail med svara til tips@porten.no. Bruk ordet Påskequiz i emnefeltet, så er du sikker på å vera med i konkurransen.

Her kjem spørsmåla:

Sport:

  1. Nemn fem spelarar som har forlate Sogndal sidan nedrykket i fjor var eit faktum?
  2. Nemn tre spelarar på Årdal FK som alle har tatovering på underarmen?
  3. Kva heiter klubben i Toppserien som noverande leiar i Kaupanger Fotball har spelt for?
  4. Kva heiter trenaren til Jotun/Årdalstangen sitt handballag for kvinner?
  5. Nemn fem spelarar frå Indre Sogn som står registrert med èin eller fleire landskampar for herrelandslaget i fotball.

Kultur:

  1. Kva band frå Trondheim skal opna Målrock i år?
  2. Dei syng på skånsk og skal spela i Fresvik denne sommaren. Kva heiter bandet?
  3. Ho kjem frå Årdal, har vore med i eit musikalsk realityshow og skal spela på ein rockete potetfestival i Lærdal denne sommaren. Kven tenkjer me på?
  4. I Årdal har dei importert ein populær trend frå Bergen, nemleg å kombinera barbesøk med dette tradisjonelle handarbeidet. Viss me seier at det rimar på drikking, greier du då å gjetta kva det er?
  5. Kva heiter årdølen som denne våren er aktuell med si tredje diktsamling, men som er mest kjent for musikken han lagar?

Næringsliv:

  1. Dette ordet blir både brukt om eit transportmiddel under jorda og er namnet på ein spisestad i Sogndal. Kva ord skal me fram til?
  2. Kva heiter Lerum-produktet som sel for over hundre millionar i året, men som likevel ikkje har logoen på etiketten, ei heller eksisterer på heimesida?
  3. Denne bedrifta held til på Årdalstangen og har tenkt å tidobla produksjonen av noko som kan høyrast ut som vaflar, men som i realiteten er langt grønare og meir høgteknologisk. Kva heiter bedrifta?
  4. Kva selskap var i fjor det beste og raskast veksande i Sogn, ifølgje ei «gaselle»-kåring av Dagens Næringsliv?
  5. Kva heiter den elektriske passasjerbåten som frå mai i år etter planen skal gå i rute frå Gudvangen til Flåm?

Lett blanding:

  1. Bonden frå Lærdal er den siste attverande i sitt slag i Sogn, men er no trua med nedlegging etter at regjeringa har føreslått å forby levebrødet hans. Kva driv denne bonden med?
  2. Ein bilentusiast frå Lærdal var blant dei femten første i Sogn som skaffa seg personleg bilskilt i sommar. Kva heiter produsenten av det italiensk fartsvidunderet han bestilte det til? 
  3. Mannen som har fått ansvaret for å lyssetta Loftesnesbrui har eit anna langstrakt byggverk frå Sogn på CV-en. Kva heiter det?
  4. Kva er det høgaste fjellet i Årdal, Sogndal, Lærdal og Aurland?
  5. Kva kommune i Indre Sogn auka mest og minka mest i folketal (i tal personar, ikkje i prosent) frå 2017 til 2018?
  6. Kva heiter denne flåtte representant for friluftsfolket, som i sommar er programleiar når NRK skal laga minutt for minutt-TV frå mellom anna Jotunheimen og Utladalen? 
Til toppen