REDNINGSMANN: Marcin Brykcy (27) blei redningsmannen for Årdal då dei berga eitt poeng mot Arna-Bjørnar.
REDNINGSMANN: Marcin Brykcy (27) blei redningsmannen for Årdal då dei berga eitt poeng mot Arna-Bjørnar.

Brzykcy redda dagen med sein utlikning

Årdal tok nok eit viktig steg i riktig retning for å unngå nedrykk til fjerdedivisjon då dei fekk med seg eit poeng mot Arna-Bjørnar laurdag.

Det var eit seint utlikningsmål frå Marcin Brzykcy som berga dagen. På overtid satte 27-åringen inn målet på eit hjørnespark og fastsette sluttresultatet til 2-2.

– Dette målet kan faktisk visa seg å verta heilt avgjerande for framtida vår i divisjonen. Me må vera takksame for at me fekk med oss dette eine poenget, seier Årdal-trenar Ivan Øy til klubbens heimesider.

Poenget gjer at Årdal no klatrar over nedrykksstreken med 19 poeng. Norborg står med like mange, men har ein langt svakare målforskjell. 

Sjølve kampen starta på verst tenkelig vis for årdølene. Etter berre fire minuttar måtte nyleg returnerte Eirik Rode ut med skade. 

Dei heilraude lot seg ikkje knekka av den grunn og tok leiinga ved Johnny Aspeseter Hagen i det 33. minuttet. 

Ein svak avslutning på første omgang gjorde at Arna-Bjørnar snudde kampen til 2-1 ved Patrick Eriksen og Øystein Bratvold. 

Etter kvilen kasta Årdal fram det dei hadde av spelarar og skapte fleire gode sjansar til å få balanse i rekneskapen, men fekk ikkje betalt før Brzykcy satte inn 2-2 på overtid.

Det går mot ei spanande avslutning på sesongen no. Måndag møter Årdal sunnmørslaget Hødd 2, som ligg på ein 5. plass. Andrelaget til cupmesterane i 2012 har hatt ein varierande borteform med fire tap og fem sigrar. 

Til toppen