KRITIKK: Lærdal sjukehus får kritikk av Fylkesmannen, etter ein kvinneleg pasient ikkje fekk forsvarleg helsehjelp.
KRITIKK: Lærdal sjukehus får kritikk av Fylkesmannen, etter ein kvinneleg pasient ikkje fekk forsvarleg helsehjelp. (Foto: Truls Grane Sylvarnes / Arkiv)

BT: Kneoperert kvinne fekk alvorleg bløding, Lærdal sjukehus får kritikk

Fem dagar etter ein vellukka kneoperasjon fekk kvinna ei alvorleg bløding frå tarmen, som varte frå kvelden gjennom natta.

Lærdal: Først på ettermiddagen dagen etter vart ho sendt til Haukeland sjukehus, skriv Bergens Tidende, som omtala saka først.

– Det stod om livet. Ho har bakgrunn frå helsevesenet og erfaring med blodtap. Ho trudde ho skulle dø, seier ektemannen til avisa. 

Blødinga oppstod fordi kvinna ikkje tålte kombinasjonen av medisinar ho fekk. Og til trass for dei periodevise blødingane frå kveld til neste morgon, vart ho ignorert av vakthavande sjukepleiar, sa ektemannen.

Han karakteriserer sjukehuset som handlingslamma når det gjaldt å få kvinna vidare til Haukeland sjukehus. 

Ekteparet sende klage etter hendinga, og har fått støtte frå Fylkesmannen som seier at pasienten ikkje fekk forsvarleg helsehjelp frå Lærdal sjukehus.

Porten.no oppdaterer saka. 

Til toppen