SIKTA: Trass ein stor leiteaksjon vart Christer Fretheim Flem aldri funnen att etter at han forsvann frå Haukåsen i Sogndal i 2016. No har selskapet som skulle passa på han fått ei saftig bot.
SIKTA: Trass ein stor leiteaksjon vart Christer Fretheim Flem aldri funnen att etter at han forsvann frå Haukåsen i Sogndal i 2016. No har selskapet som skulle passa på han fått ei saftig bot. (Foto: Halvor Farsund Storvik/Privat)

BT: Melås Helse får saftig bot fordi dei passa for dårleg på Christer

Politimesteren i Vest politidistrikt har sikta Leikanger-selskapet for brot på Helsepersonellova, og gitt ei ei føretaksbot på 600.000 kroner.

Sogndal/Årdal: For to år sidan forsvann Christer Fretheim Flem frå følgjet sitt under ein tur på Haukåsen i Sogndal. Den 37 år gamle årdølen vart aldri funnen att. 

Som BT skriv i dag, har Melås Helse blitt sikta i saka og fått ei føretaksbot på over ein halv million kroner.

– Eg er veldig letta. Det har vore lenge å venta. Dette har vore to veldig tunge år, seier Gro Charlotte Fretheim Sraidi, systera til Christer, til avisa.

Fekk kritikk av Fylkesmannen

Fretheim Flem hadde Angelmans syndrom, og trong at nokre passa på han døgnet rundt. Årdal kommune betalte Melås Helse 9,2 millionar kroner i året for å gjera jobben.

Både kommunen og det private selskapet har fått kritikk frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, fordi Christer ikkje fekk forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Mellom anna vart det peikt på at det kunne vera for lang avstand mellom dei tilsette i Melås Helse og brukarane når dei var på tur.

Melås aksepterer bota

Ifølgje BT er det sjeldan helseføretak får så store førelegg som i dette tilfellet.

– Sjølv om me ikkje er samde om grunnlaget, ser me det som greitt å legga saka bak oss og akseptera bota, seier Per Steinar Melås.

Systrendingen starta selskapet i 2005, og var hovudaksjonær fram til 2016 då han selde seg nesten heilt ut.

Til toppen