BUBIL: Ein bubil har køyrd seg fast i ein sving på Aurlandsfjellet.
BUBIL: Ein bubil har køyrd seg fast i ein sving på Aurlandsfjellet. (Foto: Skjermdump/Google maps)

Bubil køyrde seg fast på Aurlandsfjellet

Det skriv politiet på Twitter.

Lærdal: Ein utanlandsk bubil har køyrt seg fast i ein sving ved Bjørko på Aurlandsfjellet. Køyretøyet har truleg fått eit hjul utanfor asfaltkanten. 

Poltitet skriv vidare at det er mykje trafikk langs vegen og at det er trafikale problem på staden. Dei legg til at ikkje alle er like vand til vestnorske turistvegar.

Klokka 14.56 skriv politiet at dei har vore på staden, og at dei ikkje har sett nokon trafikale problem. Det blir konkludert med at det heile har løyst seg sjølv.

Har du bilde eller tips? Send til tips@porten.no

Til toppen