PASSAR PÅ: Statens vegvesen ber deg sjekke trafikkmeldingane før du køyrer avgarde i påsken. På vegtrafikksentralen følgjer dei med på trafikken døgnet rundt og gir oppdaterte meldingar. Foto: Knut Opeide. 
PASSAR PÅ: Statens vegvesen ber deg sjekke trafikkmeldingane før du køyrer avgarde i påsken. På vegtrafikksentralen følgjer dei med på trafikken døgnet rundt og gir oppdaterte meldingar. Foto: Knut Opeide. 

Budd på stor trafikk i påsken

Det er venta stor trafikk på utfartsvegane i påsken. Statens vegvesen ber folk sjekke vegmeldingane før dei reiser avgarde.

Sogn: Påskeferie betyr for mange hyttetur. Det betyr igjen at mange skal ut på vegane, men sjølv om påsken er sein i år og det vil vere bart på mange vegar, ber Vegvesenet folk om å sjekke trafikkmeldingane før dei køyrer avgarde.

På Vestlandet er det venta stor trafikk på alle utfartsvegane, spesielt i byrjinga og slutten av påskeferien. 

Og på nokre strekningar er det også vegarbeid heilt fram til onsdag i ferien. Dette gjeld mellom anna Gudvangatunnelen på E16 i Aurland.

– Sidan dette varierer litt, er det best å sjekke trafikkmeldingane i forkant av turen, slik at ein ikkje får seg ei overrasking, opplyser dei frå Vegtrafikksentralen.

Pass på om du skal over fjellet

Dei som skal over fjellovergangane bør vere godt utstyrt, både for timar i kolonnekø og sjølve fjellkryssinga.

– Sjølv med ein sein påske kan april by på skiftande og krevjande vêr. Sjølv om det er pent og bart i låglandet, kan vêret skifte raskt på høgfjellet. Dette ser ut til å kome som ei overrasking på folk kvar gong, seier Rune Nedgård, som saman med sine kollegaer følgjer trafikkavviklinga døgnet rundt.

– Når det er mykje trafikk over fjellet og det blir kolonnekøyring, kan ventetida bli fleire timar for å kome over fjellet. Då kan det ofte vera tid å spare på å velja ein annan veg sjølv om det er lengre å køyre, legg han til.

Ver bevisst på kor du parkerer

Er vêret bra, er også mange som spenner på seg skia i ferien. Då er fjellovergangane gjerne eit fint utgangspunkt.

– Då vil me minne om at ein må parkere bilen godt utanfor vegbana, helst på brøyta parkeringsplass og ikkje rett bak ein sving. Høge brøytekantar kan gjere vegen uoversiktleg, så tenk tryggleik og gå heller på snøen heilt fram til bilen enn å traske langs vegbana.

Til toppen