Gulen: – Igjen får kommunane som legg til rette for havbruk, ei velfortent belønning, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding frå regjeringa.
No er det offentleggjort kor mykje midlar kommuane og fylkeskommunane får frå Havbruksfondet i 2019. Årets utbetaling fordelar 458 millionar kroner, skriv regjeringa i ei pressemelding.
Heilt klart positivt
Av 12 kommunar i Sogn og Fjordane som vart tildelt midlar, var det Gulen som kom best ut med til saman 7,8 millionar kroner.
– Me hadde budsjettert med at me skulle få 1 million kroner. Så om dette stemmer, er det heilt klart positivt, seier Harald Haugejorden, rådgjevar for økonomi i Gulen kommune.
Grunna tekniske problem i kommunen, har ikkje han fått sett beskjeden før Porten.no ringer.
– Det blir opp til kommunestyret å avgjere kva me skal gjere med midlane. Me må legge fram ei budsjettsreguleringssak. Men sidan midlane kjem så seint på året vil nok kommunedirektøren tilrå å setje av midlane til disposisjonsfond, seier Haugejorden.
Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk òg utbetalt 764 195,23 kroner.
Slik såg utbetalinga ut i Ytre Sogn:
KOMMUNE | ANDEL NYKLARERT | ORDINÆR UTBETALING | TOTALT |
GULEN | 5 000 000,00 | 2 808 400,75 | 7 808 400,75 |
SOLUND | 5 000 000,00 | 1 986 714,36 | 6 986 714,36 |
HYLLESTAD | 1 305 766,89 | 1 473 368,70 | 2 779 135,60 |
HØYANGER | 0 | 1 170 028,09 | 1 170 028,09 |