Fylket: Stortingsrepresentanten besøkte i førre veke Enivest i Førde. Dei uttrykte stor uro for den framleis dårlege nettdekninga i fylket.
– Eg fekk stadfesta at ei offensiv satsing på breiband er heilt nødvendig for Sogn og Fjordane, seier Rotevatn i ei pressemelding.
– Difor har Venstre prioritert dette høgt i budsjettforhandligane, og er glade for at me kom i mål. Det er tilnærma umogleg å drive offensiv næringssatsing utan god nettdekning, ikkje minst i dei framveksande, teknologitunge næringane. Her er potensialet stort. Berre i Sunnfjord er det allereie om lag 500 arbeidsplassar i IT-industrien, og det kjem til å kome mykje meir.
Mange med dårleg nett
Sogn og Fjordane er fylket der flest har dårleg nettdekning.
– Samstundes ser me at samfunnet vert digitalisert, og stadig fleire tenester føregår på nettet. Det gjer det absolutt nødvendig å prioritere utbygging av breiband, seier Rotevatn.
Etter at Venstre og KrF lukkast med å få regjeringa med på å auke breibandssatsinga med 45 millionar kroner, vil det neste år bli brukt 138,7 mill. kroner på dette føremålet. Det er opp frå 126,5 mill. kr. i årets budsjett, og 110 mill. kr. i 2015.
Rotevatn ser frem til at folk i fylket snart vil oppleve eit merkbart hurtigare nett.
– Det er naturleg at Sogn og Fjordane får ein stor del av breibandsmidlane, det brukar me å få, og eg håpar arbeidet med utbygging i Sogn og Fjordane vert prioritert også framover. Det er her det trengs, avsluttar han.