FIRE MILLIONAR: Kåre Mentz Lysne (Ap) meinte ein bør setja seg mål om å spara fire millionar kroner på det strukturendringar i kommunen, først og fremst administrasjonen. Foto: Ole Ramshus Sælthun
FIRE MILLIONAR: Kåre Mentz Lysne (Ap) meinte ein bør setja seg mål om å spara fire millionar kroner på det strukturendringar i kommunen, først og fremst administrasjonen. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Budsjettet i Lærdal: – Me er topptunge

Eitt tiltak når Lærdal kommune skal finna fleire millionar kroner i innsparingar kan bli store kutt i administrasjonen

Lærdal: – Det er ei kjennsgjerning at me er i ein unntaktstilstand. Kanskje blir det betre i 2018 når me får heilårsverknader av tiltak, men i 2017 blir det berre halvårsverknader. Me gjer no store grep - legg ned ein skule og ein barnehageavdeling. Ti stillingar innan Helse og Omsorg skal vekk gjennom prosjektet ved bu- og omsorgsheimen. Då må me sjå nærare på korleis kommunen er organisert, sa Kåre Mentz Lysne (Ap) under arbeidsmøtet onsdag.

Møtet handla om budsjettet 2017. Kommunen manglar mange millionar for å koma i balanse.

Les også: Fylkesmannen: – Ulovleg å lukke budsjettmøtet

Først såg det ut til å vera snakk om over ti millionar, men no er ein kome ned til 8,3 millionar kroner fordi det vart 2,5 millionar kroner meir i inntekter på konsesjonskraft enn korleis det låg an for nokre veker sidan.

Les også: Lufta forslag om å privatisere kommunale tenester

Frå tre til to nivå?

Framleis meinte Lysne det er såpass dramatiske tal at ein må setja inn kraftige tiltak. 

– Det er sett ned ei gruppe som skal sjå på organiseringa, og eg meiner me må vera så klare at me set krav til innsparing på dette prosjektet. Både innbyggjarane og mi gruppe meiner me er topptunge. No har me ein trenivåkommune med rådmann, så og så mange leiarar og sakshandsamarar under desse. Me må sjå på om ein tonivåkommune kan vera aktuelt.

No har ein altså rådmannen øvst, leiarar for dei ulike tenesteområda under og sakshandsamarar under der att. Med ein tonivåkommune blir meint at sakshandsamarane ligg direkte under rådmannen - altså står dei ulike kommunalsjefane i fare for å ryka.

– Gruppa som skal jobba med organiseringa og vera ferdige i januar. Det meiner eg må forserast kraftig slik at det blir ein del av handsaminga av 2017-budsjettet. Eg vil vera så frimodig å seia eit konkret tal for innsparing, fire millionar kroner på årsbasis. Utifrå dei utfordringane me har burde det vera eit høveleg mål. Så får ein sjå om det er realistisk eller ikkje, sa Lysne.

Politiske møter på kveldstid?

Rådmannen hadde i framkant bede om ei  bestilling frå politikarane - og fekk det. Gro Starheimsæther (Sp) si bestilling var noko annleis utforma:

–  Eg vil ikkje seia om me skal ha to eller tre nivå, men rådmannen må sjå litt på den. Me har brukt eittårige prognosar på skatteinngang tidlegare og treft bra på det. No ligg treårige prognosar inne og dei tilseier drygt ein million mindre i skatteinngang enn med prognosar for eitt år. Når det har vore ganske rett med eitt, ser eg ingen grunn til å gå bort frå det. 

Vidare gav ho rådmannen ei utfordring på å finna fem millionar i innsparingar, utan å spesifisera nærare.

Kåre Mentz Lysne meinte også ein måtte sjå på kor vidt ein kan spara på utgiftene dei politiske møta genererer. 

– Når det gjeld oss folkevalde er det ein del kommunar som køyrer møta sine konsekvent på kveldstid. Det er noko også me kan vurdera å gjera.

Innsparinga her ligg i at ein ved å halda politiske møter utom arbeidstid ikkje må kompensera arbeidsgjevarane til politikarane.

Til toppen