TRANGE RAMMER: Årdal kommune er kanskje ute av Robek, men det betyr ikkje at handlingsrommet er så mykje større med det første. Det er ikkje mykje rom for politikk når budsjettet for 2017 skal planleggjast. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TRANGE RAMMER: Årdal kommune er kanskje ute av Robek, men det betyr ikkje at handlingsrommet er så mykje større med det første. Det er ikkje mykje rom for politikk når budsjettet for 2017 skal planleggjast. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Budsjettet: – Lite rom for politikk

Det er ikkje store summane politikarane kan flytte på i neste års budsjett. 

Årdal: – Det er veldig lite politikk igjen i dette forslaget. Rammene er så trange, og politikken ligg i omdisponering innanfor ramma. Eg vil sterkt åtvare mot å dra ned på overskotet, sa rådmann Olve Fossedal om budsjettet han la fram for politikarane i formannskapet tysdag. 

Som Porten.no har skrive tidlegare, er rådmannen klinkande klar på at økonomien til Årdal kommune langt ifrå kan friskmeldast sjølv om dei kom ut av Robek eitt år før tida.

Forslaget som er lagt fram, er i balanse og innfrir føringane frå Fylkesmannen om at 1,75 prosent (rundt 10 millionar kroner) av budsjettet skal setjast av til disposisjonsfondet, altså vere eit overskot. Det har det vore brei politisk semje om tidlegare. 

300.000 meir til kyrkja

Med mindre politikarane har tenkt å tukle med prosenten, er det lite rom for politikk. Det synte også debatten, der det i det store og heile ikkje var snakk om dei enorme summane. Arbeidarpartiet ville auke opp potten til kyrkja med 300.000 frå 4 millionar. 

– Me signalisere at me ønskjer å ta kyrkja på alvor og gjera det som trengs for at dei skal ha eit godt tilbod. I år etter år har dei måtta klart seg med 4 millionar, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap), som førebels ville hente dei 300.000 kronene frå nettopp disposisjonsfondet. 

ÅTVARA: Rådmann Fossedal åtvara sterkt mot at ein dreiv politikk på overskotsprosenten og bad politikarane flytte på pengar innanfor rammene som er lagt.
ÅTVARA: Rådmann Fossedal åtvara sterkt mot at ein dreiv politikk på overskotsprosenten og bad politikarane flytte på pengar innanfor rammene som er lagt.

Fossedal forklarte at innspela frå kyrkja kom såpass seint til at ein rakk å gjere noko med dei. Dessutan utnyttar dei ikkje inntektsmoglegheitene sine.

– I tre år har dei ikkje sendt ut festeavgift. Dette utgjer om lag 75.000 kroner i året. Men eg har ikkje problem med ei justering på tre prosent av dei 4 millionane, men noko meir enn det må de finne inndekking for, svara Fossedal. 

Avventar endringar

I kjølvatnet av Hydroparken-saka, der eit grøntområde vert bygd ned, ønskte Sandra Opheim (MDG) å få gjort noko med uteområdet ved Farnes skule. Men då forslaga frå politikarane skulle sendast vidare og ut på høyring, var det utan desse framlegga. 

– Det er viktig at me brukar tid på dette. Arbeidet som er gjort frå rådmann er veldig bra, og det blir gjort mykje bra ute i tenesteområda. Me har små marginar å gå på, sa Erling Offerdal (Sp).

Mistar store inntekter

Årsaka til at budsjettet vart litt strammare enn venta skuldast fleire ting. Først og fremst forsvinn 10,6 millionar kroner fordi asylmottaket vert lagt ned. I tillegg kjem bortfallet av 2,7 millionar kroner i kraftrelaterte inntekter. Og som Porten.no skreiv seinast måndag, er lokalmedisinsk senter i Lærdal blitt dyrare å drifte enn venta.

For 2017 vart dette «redda» av ein voldsom auke i rammetilskot og skatteinntekter på heile 13,6 millionar kroner, noko kommunalsjef Svein Arve Grindhaug aldri hadde vore borti før for Årdal sin del. 

Skal låne 17 millionar kroner

Ikkje sidan Årdal havna på Robek i 2012 har kommunen teke opp lån og dermed fått redusert gjelda kraftig. I 2017 er planen å ta opp nesten 17 millionar i lån til ulike prosjekt. 

– Det er positivt at det er politisk semje om god kontroll og styring på økonomien med eit mål om 10 millioner i overskot. Det er eg veldig nøgd med. Då er det mogleg å kome ut av den trange knipa me er i enno. Me har lite fondsmidlar til å medfinansiere investeringar, noko som betyr at me må låne pengar, og då er me fort inne i den vonde spiralen som gjorde at me havna på Robek, åtvara Fossedal. 

Til toppen