Budsjettkutt og kulturoptimisme

MEININGAR

Budsjettkutt og kulturoptimisme

Frivilligheit og kultur har vore viktige grunnsteinar i lokalsamfunna våre i over hundre år. Sjølv om vi har sterke miljø som får til mykje, blir desse nedprioritert i statsbudsjettet til Regjeringa. 

  • Endret

KOMMENTAR: Dette er ein ærlig sak, men vi er i alle fall krystallklar i våre prioriteringar. ​

Frivilligheit for både unge og eldre

Med alt frå 4H til Røde Kors og Eldrekafé, er det ingen tvil om at det frivillige engasjementet både skaper og gleder. Samstundes som Regjeringa gir skattekutt til dei rikaste, reduserer dei frifondsmidlane som går til frivilligheit for born og unge. I praksis kan dette føre til mindre pengar, mindre forutsigbarheit og mindre aktivitet. Det stemte vi sjølvsagt imot.

Samstundes lempa regjeringa det økonomiske ansvaret for frivilligheitssentralen til kommuneøkonomien i samband med kommunereforma. Det betyr at desse no vil stå som ein potensiell salderingspost når kronene skal sparast inn i kommunen. Framfor å gi dei frivillige miljøa kutt og usikkerheit, burde vi heller støtte opp om arbeidet deira.

Ungdommens Kulturmønstring

Vi kjenner alle ein spire som har fått være med i UKM. Her får barn og ungdom sjansen til å gå scena med alt frå dans og musikk til trylling og andre overraskingar til stor glede for både deltakarar og publikum. Det handlar ikkje om å være best, men heller å få vise fram, og få dele sin indre glød og entusiasme med andre menneskje. 

Veksten til UKM har vore heilt enorm dei siste åra, men for at dei skal kunne halde fram med same utvikling, må vi også stille opp med dei nødvendige kronene frå politisk hald. I vårt  alternative budsjett var det spikra på plass 10 millionar kroner ekstra til UKM. Diverre var ikkje regjeringa einig i framlegget vårt. Dette er sjølvsagt leit for ungdomskulturen, men vi skal ikkje gi oss med det første.  

Den kulturelle spaserstokken    

Trivsel og fellesskap er rett og slett viktig for helsa, og dette gjeld like mykje for eldre som for born. Vi treng aktivitetar, møteplassar og kulturopplevingar slik at dei eldre kan leve eit langt og aktivt liv. Vi ønskjer difor å øyremerke 45,8 millionar kroner til «Den kulturelle spaserstokken», samt 47,3 millionar kroner til aktivitetstilbod i kommunane. 

Saman med entusiastar og frivillige kan dette utrette ein forskjell. Vi kunne sagt mykje om helseeffektane av meir kultur i eldreomsorga, men kanskje det er like greitt å seie slik: Dette handlar om å gi dei eldre nokre varme opplevingar slik at dei kan få litt glød i kinna, og glede i kvardagen.  

Pengane må brukast på fellesskapet

Framlegga våre fekk ikkje støtte frå dei borgarlege partia, og det er ein ærlig sak, men vi er i alle fall krystallklar i våre prioriteringar. Framfor å gi dei rikaste fleire skattekutt meiner vi at pengane må brukast på fellesskapet. Born skal få ein innhaldsrik oppvekst, og dei eldre ein aktiv alderdom. Difor prioritera vi kulturoptimisme framfor budsjettkutt. 

Torbjørn Vereide
Fylkestingsrepresentant, Ap

Hilmar Høl
Stortingskandidat, Ap

Til toppen