FOTOVINNAR: «Bukkahenting» av Brita Underdal blei kåra til det beste biletet i Nærøyfjorden verdsarvpark sin fotokonkurranse. Foto: Brita Underdal.
FOTOVINNAR: «Bukkahenting» av Brita Underdal blei kåra til det beste biletet i Nærøyfjorden verdsarvpark sin fotokonkurranse. Foto: Brita Underdal.

Bukkahenting vart fotovinnar

Brita Underdal tok det beste biletet i Nærøyfjorden verdsarvpark sin fotokonkurranse. 

Lærdal: Konkurransen vart lyst ut sommaren 2015 i samband med 10-årsjubileumet for verdsarvstatusen til Vestnorsk fjordlandskap. 

Tema i konkurransen var «Å leva med verdsarven», der fotografiet skulle vera frå delområdet Nærøyfjorden – altså frå ein av verdsarvkommunane Vik, Voss, Lærdal eller Aurland.

– Juryen vart svært imponert over kvaliteten på bileta som vart sendt inn. Det kom inn over 100 bilete som synte korleis folk ser og opplever det å leva med verdsarven, seier parkforvaltar Linn-Janette Underdal Skarsbø.

Det beste biletet var det Brita Underdal som tok. 25-åringen er frå Undredal og studerer for tida landskapsarkitektur. 

I grunngjevinga skriv juryen følgjande om fotografiet:

«Biletet «Bukkahenting» er ein klar vinnar med sitt harmoniske og gode uttrykk. Biletet fangar ei kvardagsleg arbeidsoppgåve for bønder i verdsarvområdet, og er godt komponert.» 

Premien er eit gåvekort på 3000 kroner frå Aurland Sparebank og eit reisestativ for kamera. 

Gøran Johansen kom på ein andreplass med biletet «Underdalen», medan «Villfarne sauar i Jordalstunnelen» av Kari Mørkve Jordalen blei nummer tre.

Til toppen