PLUKKAR OPP: Mannskapet til tekniske tenester i Lærdal plukka opp hundedriten i bøtta (innfelt) frå idrettsanlegga og badestranda i Lærdal: Foto: Ole Ramshus Sælthun/ Lærdal kommune
PLUKKAR OPP: Mannskapet til tekniske tenester i Lærdal plukka opp hundedriten i bøtta (innfelt) frå idrettsanlegga og badestranda i Lærdal: Foto: Ole Ramshus Sælthun/ Lærdal kommune

– Burde vera sjølvsagt å plukka opp hundedriten der ungar leikar

Tekniske tenester i Lærdal plukkar stadig opp hundedrit frå idrettsanlegga og badestranda.

Lærdal: – Om det er bevisst eller ubevisst skal vera meg usagt, men problemet vårt er at folk tydelegvis slepper hunden sin når dei går over fotballbana, kunstgrasbana eller skøytebana. Me plukkar i alle fall opp ein heil del hundedrit på desse plassane, seier Søren Ørbech Mo, oppsynsmann hjå tekniske tenester i Lærdal kommune.

Nyleg la Lærdal kommune ut ei påminning på nettsidene sine om at hundelufting på idrettsanlegg ikkje er tillate. Eit bilete som syner kor mykje hundedrit mannskapet plukka opp på ein runde tyder på at ein del hundeeigarar tek lett på dette forbodet.

– Inga unnskulding

– Det høyrer ikkje heime at hundedrit ligg att på desse plassane som er til for ungar. Ved idrettsanlegga står det skilt om dette. Og gjer hunden likevel frå seg på idrettsanlegg – eller badestranda, der me også har plukka opp ein del drit – burde det vera sjølvsagt at ein plukkar det opp. Hundeposar er enkelt å få tak i og bosspann finst det masse av, så her har ein inga unnskulding, seier Ørbech Mo.

– Er det eit spesielt stort problem no på våren?

– Me oppdagar det mest på vårparten når me opnar anlegga, mellom anna ved at det kliner seg inn i utstyret me nyttar til å klippa gras med. Men det førekjem på sommaren også. Mange hundeeigarar er flinke og plukkar oppatt, så har du andre som ikkje er så flinke.

 

Til toppen