KRITISK: Jan Geir Solheim (Sp), ordførar i Lærdal, forstår kvifor lensmannskontoret i hans kommune er favroritt til å bestå, men meiner likevel det burde vere politi i alle kommunar. Foto: Ina Eirin Eliassen. 
KRITISK: Jan Geir Solheim (Sp), ordførar i Lærdal, forstår kvifor lensmannskontoret i hans kommune er favroritt til å bestå, men meiner likevel det burde vere politi i alle kommunar. Foto: Ina Eirin Eliassen.  (Arkiv)

– Burde vere politi i alle kommunar

Jan Geir Solheim (Sp) fattar ingenting av nærpolitireforma.

Lærdal: Sjølv om kommunen hans, Lærdal, er i førarsetet til å få behalde lensmannskontoret sitt, meiner han det burde vere politi i alle kommunar.

Etter brannen i Lærdal har han reist mykje rundt i landet for å snakke om beredskap. Han forstår seg ikkje på nærpolitireforma.

– Eg meiner framleis at det skal vere politi i alle kommunar. Eg skjønnar at Lærdal vert tenkt på fordi me ligg midt mellom Aurland og Årdal, men det er det einaste eg forstår. Dei brukar eit heilt feil namn på denne reforma. At det blir nærare for nokon, er ikkje til det beste for alle, seier han.

Solheim er klar på at han ikkje vil kjempe denne kampen og seier han ikkje likar at kommunane skal konkurrere om slikt. 

FEIL ENDE: Magne Knudsen, lensmann i Årdal, meiner ein byrja i feil ende i prosessen med nærpolitireforma.
FEIL ENDE: Magne Knudsen, lensmann i Årdal, meiner ein byrja i feil ende i prosessen med nærpolitireforma.

– Byrja i feil ende

Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, stiller spørsmål ved reforma. Han meiner dei har byrja i heilt feil ende då dei skulle «byggje huset».

– Dei skulle ha laga grunnmuren først, og så bygd huset ut frå dette, men det har dei ikkje gjort, og då må me gjera det beste ut av det. Når prosessen går sin gang og ting vert avgjort, så går me vidare. Me kan ikkje gnage over ting som har vore, men leggje til rette for at publikum får den tenesta dei skal ha. 

– Det har blitt sagt at me skal bli meir robuste, og det håpar eg dei står for slik at me blir. Me har ein fantastisk flott politimeister som ser oss, så det er eg ikkje bekymra for, seier Knudsen.

Ei politireform, ikkje nærpolitireform

Som han sjølv understrekar, er det fleire sider ved saka ein også må hugse å ta med i diskusjonen.

– Det vil bli ei utfordring for oss tilsette i denne omstillinga, men det svært få nemner er familien. Dette har også ein innverknad på dei med tanke på reisetid og pendling. Det er utfordrande, seier han.

– Nokre kan miste jobbane sine og må kanskje finne på noko anna. Det er mange prosesser som skjer for politiet og sivile. Dei kallar det for ei nærpolitireform, men eg meiner det er ein politireform.

Usikker på plassering

Nyleg sendte regionlensmann Arne Johannessen ut eit notat til alle kommunar i Sogn der han anbefalar tre kontor i regionen.

– Eit i Vik fordi fengselet skal utvidast. Sogndal må vere basen mellom Leikanger og Luster, og i indre er den mest naturlege plasseringa Lærdal, men eg er usikker, seier han.

Usikkerheita kjem av at Årdal har også gode argument for at deira kontor skal bestå. Dette fordi kommunen har flest innbyggjarar og fordi det rett og slett skjer meir her med fleire saker og utfordringar. 

Eit betre politi

Men dette handlar ikkje berre om lokalisering. 

– Dette er omtalt som ei kvalitetsreform der politiet skal utvikle arbeidsmetodikk. Me skal innføre politiarbeid på staden, jobbe meir i felten og gjera saker ferdig her. Me skal bruka lyd og bilete i avhøyr, som igjen skal sendast rett til jurist for raskare avgjerd i saker. Det helsar eg velkomen, seier han.

Johannessen legg til at han har tru på at ved å samla politiet, så vil ein kunne nytte folk meir effektivt. 

Til toppen