LETTARE: Før året er omme håpar styresmaktene det ordnar seg med bustad for alle dei 16.000 personane kommunane har sagt ja til å ta imot.​ Foto: Jan Christian Jerving.
LETTARE: Før året er omme håpar styresmaktene det ordnar seg med bustad for alle dei 16.000 personane kommunane har sagt ja til å ta imot.​ Foto: Jan Christian Jerving.

Busetjinga av flyktningar går lettare

Uroa for farten på busetjinga av flyktningar er no snudd til optimisme. Før året er omme håpar styresmaktene det ordnar seg med bustad for alle dei 16.000 personane kommunane har sagt ja til å ta imot.

Indre Sogn: – Meldinga frå UDI er at dei skal fatta dei vedtaka som trengst for at vi i år skal få brukt alle dei 16.000 plassane som kommunane har stilt til disposisjon, seier assisterande direktør Bjørn Holden i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) til Kommunal Rapport.

Han fortel at UDI har auka talet på tilsette og arbeider overtid for å få dette til. Målet er at flest mogleg av barnefamiliane får ein plass å bu før skulestart.

Hittil er 40 prosent av dei 16.000 plassane kommunane har sagt ja til, tekne i bruk. Kvar månad til og med august er det venta at mellom 1.300 og 1.400 får opphald.

Sjølv farten på busetjinga no er trappa opp, slit styresmaktene framleis med å busetja einslege mindreårige under femten år. Framleis manglar det rundt 200 plassar for denne gruppa, skriv Kommunal Rapport. (©NPK)

Til toppen