KOLLIDERT: Gravemaskinsarmen slo inn frontruta på bussen.
KOLLIDERT: Gravemaskinsarmen slo inn frontruta på bussen. (Foto: Synne Asheim Haga)

Buss har kollidert i Øvre Årdal – ingen fysisk skadde

Ulukka skjedde i låg fart.

Årdal: Snøveret har sørga for såpeglatte vegar måndag kveld. På veg ned mot Øvre Årdal, kjørte Valdressekspressen i ei gravemaskin ved den nybygde tunnelen klokka 22:20. 

Sjåføren og dei fem passasjerane er ikkje fysisk skadde. Passasjerane vart henta med taxi.

Politiet kom frå Aurland og Lærdal og var framme på staden klokka 23:53. Dei har gjennomfør avhør og undersøkingar.  

– Låg fart 

– Ulukka skal ha skjedd i låg fart, fortel vaktkommandør ved 110-sentralen i Sogn og Fjordane, Dan Inge Gjesdal, til BT

Bussen står utanfor vegen, og det er fri ferdsel i området. 

Porten.no kjem tilbake med meir. Tips? Kontakt tips@porten.no.

Til toppen