Hafslo: Rutebussen var på veg frå Fortun til Sogndal, då han frontkolliderte med ein møtande personbil. Politiet fekk melding om ulukka klokka 09.44, og hendinga fann stad på fylkesveg 55 ved Stupshølentunnelen på Hafslo.

– Det er buss mot bil, der ein person er fastklemt og teken med i ambulanse. Me har fleire ressurassar til stades, både frå Sogndal, Hafslo og Gaupne, seier Asbjørn Aune ved Alarmsentralen.
Det blir meldt om store materielle skadar på staden.
Jobbar med å skaffe oversikt
Politiet skriv i ei pressemelding at det totalt er tolv personar involvert i ulukka. Ti personar i bussen, der fleire har mindre skadar, og to personar i personbilen, der skadeomfanget er alvorleg.

Politiet jobbar no på staden med å skaffe oversikt over skadeomfang, men kan bekrefta at ein person er omkommen.
Det blir òg opplyst at det er manuell dirigering på staden, og at det er uvisst kor lenge det vil pågå.
Alvorleg ulukke
Då politiet kom til staden opplyste dei at synet som møtte dei var kaotisk. Ulukka framstod som alvorleg med fleire skadde involverte.

Både luftambulanse og redningshelikopter på veg blei varsla, og det er opplyst om to personer med alvorlige skadar. Bussen hadde ni passasjerar med seg, og fleire pådrog seg mindre alvorlege skadar.
Det pågår no undersøkingar på staden av politiet, og ulukkesgruppa til Statens vegvesen er på veg.
Får krisehjelp
Kommunikasjonsdirektør i Tide, Marianne Frønsdal, stadfestar til Bergens Tidende at det er ein av deira bussar som er involvert i ulukka.
– Tide har mobilisert og sett krisestab, og har iverksatt beredskapsrutinane våre for alvorlege hendingar, seier Frønsdal til avisa.
Selskapet jobbar no med å få oversikt over hendinga, og få stadfesta kva som har skjedd.
– Vårt fokus no er å handtera hendinga og følgje opp alle dei involverte partane. Sjåføren fremstår som fysisk uskada, og får nødvendig kriseoppfølging, seier kommunikasjonsdirektøren.
Har du tips eller bilde? Send gjerne til tips@porten.no.