HENLAGT: Saka der ein buss byrja å brenne i Gudvangatunnelen i 2015 er henlagt, melder VG. Foto: Arne Veum/NTB Scanpix.
HENLAGT: Saka der ein buss byrja å brenne i Gudvangatunnelen i 2015 er henlagt, melder VG. Foto: Arne Veum/NTB Scanpix.

Bussbrann-saka i Gudvangatunnelen er henlagt

Det fortel Magnus Juel Engh ved Vest politidistrikt til VG.

Gudvangen: – Saka er henlagt som intet straffbart forhold bevist. Etter å ha etterforska saka har me konkludert med at verken sjåføren eller andre kan lastast for det som skjedde, seier han til VG.

Fem personar blei sendt til sjukehus då den svenske turistbussen dei sat i byrja å brenne 11. august 2015. Fire blei innlagt med røykskadar.

32 kinesiske turistar måtte reddast ut av bussen. 

Ifølgje ein rapport som VG har fått tilgang til går det fram at skadar som blei påvist på radiatorvifta sin hydrauliske pumpa sannsynlegvis førte til svikt i kjølinga av radiator/kjølevæske.

Til toppen