TRAVEL HELG: Kontrollørane ved Statens Vegvesen sin kontrollstasjon på Håbakken i Lærdal har hatt ei travel helg. Illustrasjonsfoto.
TRAVEL HELG: Kontrollørane ved Statens Vegvesen sin kontrollstasjon på Håbakken i Lærdal har hatt ei travel helg. Illustrasjonsfoto. (Foto: Arkiv)

Bussjåfør køyrde med feil på bremsane

Alkoholpåverka vogntogsjåfør, grovt brot på kviletid og altså buss utan ABS. – Det har vore ei rufsete helg, seier seksjonsleiar i Statens Vegvesen, Tormod Gausdal.

– Bussen hadde ikkje verksam ABS. Sjåføren køyrde med dette varselet og vart stoppa av våre kontrollørar. Det gjer dette litt ekkelt, for om sjåføren trør på bremsane og ABS ikkje fungerer så har vedkomande ingen kontroll dersom busse n først byrjar å segla. Det er ein av tinga me verkeleg ser etter, særskild no på vinteren.

Kontrollørane til Tormod Gausdal, leiar for Statens Vegvesen sin køyretøyseksjon for Indre Hordaland og Sogn og Fjordane, har hatt ei travel helg. I tillegg til at dei stoppa bussen med feil på bremsane søndag vart ein vogntogsjåfør stoppa med promille laurdag.

Les også: Vogntogsjåfør køyrte med promille

– Når dei først er dårlege, er dei verkeleg dårlege

Gausdal fortel bussen var tom, men at den skulle henta folk.

– Det var ein utanlandsk turbuss. Den var altså tom, men feilen på bremsane rettar seg jo ikkje opp av seg sjølv.

– Ser ein oftare slike feil på utanlandske bussar enn norske?

– Utanlandske operatørar har teke over veldig mykje av transporten med turbussar, så ettersom det er flest av dei tek me også flest utanlandske. Me har ikkje grunnlag for å seia at dei utanlandske bussane generelt er dårlegare, for det er mykje bra også. Men når dei først er dårlege er dei veldig dårlege.

Feil med ABS er altså noko kontrollørane ser nøye etter - spesielt viss vogntog har feil her kan det vera ei skikkeleg felle.

– Då kan hangaren koma ut utan at sjåføren er klar over det, og slike vil du ikkje  møta.

– Slike vil me ikkje ha etter vegane

Sjåføren av bussen fekk køyreforbod til feilen var ordna. Om det blir gjort rettslege skritt i saka, kan ikkje Gausdal seia meir om:

– Det kjem an på kor vidt sjåføren var klar over feilen eller ikkje - mellom anna.

Ei tredje sak kontrollerande på Håbakken fekk i hendene var ein førar av eit vest-europeisk vogntog som hadde brote kravet om kviletid.

– Han hadde køyrd veldig mykje, seier Gausdal.

– Altså køyrd meir enn kva han har lov til i høve køyre- og kviletid?

– Ja, veldig mykje. Han påstod at han hadde køyrd bak vogntoget i ein liten bil medan ein annan køyrde vogntoget på deler av distansen. Men den held ikkje, han køyrde framleis.

Vidare rosar Gausdal samarbeidet med politiet i distriktet.

– Som til dømes når me har mistanke om alkoholpåverka førarar stiller dei opp med ei gong. Samspelet her fungerer utruleg godt, og det er viktig, for slike vil me ikkje ha etter vegane.

 

Til toppen