KVILER FOR LITE: Det er eit stort problem at turistbussjåførar ikkje kviler så mykje som dei burde. Søndag vart to spanske bussar stoppa og meld til politiet for manglande vekekvile. Biletet er ein illustrasjon.
KVILER FOR LITE: Det er eit stort problem at turistbussjåførar ikkje kviler så mykje som dei burde. Søndag vart to spanske bussar stoppa og meld til politiet for manglande vekekvile. Biletet er ein illustrasjon. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Bussjåførar stoppa ikkje for kontroll – hadde grove brot på køyre- og kviletida

Statens vegvesen held fram kampen mot turistbussjåførar som ikkje følgjer lovverket.

Håbakken: Søndag vart to spanske bussar i eit følgje kontrollert, der det viste seg at begge bussjåførane ikkje hadde tatt seg den pålagde kvilen dei skal ha.

Først og fremst blir det meld til politiet for ikkje å ha stoppa for den skilta kontrollen. Då dei omsider vart hanka inn, kom det fram at begge hadde grove brot på køyre- og kviletida med manglande vekekviler.

Bussane kom frå kvart sitt firma, og begge firma vart meld til politiet for ikkje å leggja til rette arbeidsdagen for sine sjåførar slik at dei kan følgja reglane om kviletid.

– Me lurer på kor dette skal enda. Den eine hadde ikkje godkjend kvile på 18 dagar, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen, Tormod Gausdal, til TV 2.

Pressa

Som Porten.no har skrive om tidlegare i sommar, er det eit stort problem at sjåførar av utanlandske turistbussar ikkje kviler nok. Det kan det vera fleire årsaker til. Ein av dei kan vera at sjåføren vil tene mest mogleg pengar.

– Men det kan henda han ønskjer kvilen sin, men ikkje får. Det kan henda han har dårleg betalt. Det er mange sider av det. Me har opplevd å stoppa bussjåførar som har køyrt frå mai til oktober utan ein gyldig vekekvile. Nokre seier tydeleg at dei blir pressa til det og at dei mistar jobben om dei ikkje gjer det gjennomfører turane dei vert pålagde, sa Gunnar Brevik til Porten.no då.

– Me spør om dei vil vitne, og nokon gjer det, men det kan bli eit problem fordi det kan gå ut over løna deira, eller dei kan mista arbeidet. Sannsynlegvis føler dei seg pressa. Enkelte sjåførar har knapt nok kontakt med eige firma, men med turoperatør. Me ser at guidane har stor makt over sjåføren.

Konkurransevridande

Problemet med manglande vekekvile er ikkje først og fremst at det er trafikkfarleg, sjølv om det også kan bli det, men at det har ein konkurransevridande effekt fordi sjåførane køyrer og køyrer og køyrer, der andre må kvile.

Til saman hadde bussane 82 passasjerar. Desse måtte fint finna seg i å venta på at andre bussar og sjåførar kunne koma til Håbakken i Lærdal og henta dei før vidare transport til Oslo.

For dei to sjåførane, vart dei pålagt å kvile i 69 timar før dei fekk køyre vidare. 

Til toppen