OMKOM: Politet melder at ein 61 år gamal mann frå Sogn omkom i trafikkulukka i Årdal torsdag.
OMKOM: Politet melder at ein 61 år gamal mann frå Sogn omkom i trafikkulukka i Årdal torsdag. (Foto: Porten-tipsar)

Bussjåføren omkom etter kollisjonen

Ein 61 år gamal mann frå Sogn miste livet.

Årdal: Torsdag ettermiddag køyrte ein buss inn i ein fjellvegg mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. I ei pressemelding seinare på kvelden melder politiet at føraren av bussen diverre er omkomen.

Han vart erklært død på staden. Dei pårørande er varsla, og pressemeldinga frå politiet er sendt ut i samråd med dei.

– Dette er den verste meldinga eit kvart busselskap eller ein arbeidsgjevar kan få. Det er frykteleg trist, og sjølvsagt tristast for dei som har mista ein som står dei nær, seier Jarle Bugge, driftssjef i Nor-Way Bussekspress.

Valdresekspressen høyrer inn under Nor-Way Bussekspress, men den aktuelle strekninga blir køyrt av sjåførar frå Nettbuss. Etter dødsbodskapen har Nor-Way Bussekspress teke på seg å informera pressa om korleis selskapa vil handtera den tøffe situasjonen. 

Bugge seier at Nettbuss vil organisera ei samling i morgon, fredag, for både dei tilsette og pårørande.

– Dette er etter dei interne beredskapsrutinane som Nettbuss har. Dei vil følga opp denne saka vidare, for å ivareta eigne tilsette og andre som har behov for det, seier han.

Til toppen