Vestland: Etter over tolv dagar med busstreik vart partane samde klokka 7:00 torsdag. Dei første bussane vil vera i gang frå klokka 12:00, ifølgje Yrkestrafikkforbundet.

– Me har meir enn dobla det opphavlege tilbodet frå arbeidsgjevar. Det blir gitt generelle tillegg på til saman 5,50 kroner, og dessutan 1 krone som fagbrevtillegg i 2020. Det seier forbundsleiar i Yrkestrafikkforbundet, Jim Klungnes, i ei pressemelding.
Dei første bussjåførane vart tekne ut i streik søndag 20. september, og streiken har ramma heile landet.
Bussjåførane gjekk ut i streik for å få arbeidsgivarane til å følgja opp bussbransjeavtalen. Den slår fast at bussjåførarne skal ha ei løn som er meir på linje med industriarbeiderløn. Med dagens resultat går lønnsutviklinga i rett retning, det skriv Fellesforbundet på si heimeside.
Alle blir sikra ei lønnsvekst på ni kroner.
– Årslønsveksten blir då nærmare 20 000 kroner for den enkelte sjåfør, seier Fellesforbundet sin leiar, Jørn Eggum til Fellesforbundet.