OVERTENT: – Det ser ut som at det brenn veldig godt i det huset, så det spørst om det er så mykje å berga, seier operasjonsleiaren ved Vest politidistrikt.
OVERTENT: – Det ser ut som at det brenn veldig godt i det huset, så det spørst om det er så mykje å berga, seier operasjonsleiaren ved Vest politidistrikt. (Foto: Halvor Storvik)

Bustadhus i full fyr i Sogndal

Èin person greidde å berga seg ut.

Sogndal: Klokka 18.35 fekk politiet melding om brann i ein bustad ved Ølmheim i Sogndal, like i nærleiken av Norum kyrkje. Det var éin person i huset, som har kome seg ut uskadd. 

OVERTENT: Det var éin person i huset, som skal ha kome seg ut. Det skal ikkje vera personskader. Foto: Halvor Storvik

Huset er overtent. Mannskap frå tre brannstasjonar jobbar med å få sløkt brannen. 

Sogn brann og redning er på plass med folk frå Sogndal og Leikanger. Tankbil frå Gaupne er òg på staden, fortel Oddbjørn Aune i Alarmsentralen Sogn og Fjordane til Porten.no. 

– Dei har ikkje meldt at dei har kontroll over brannen, så dei kjem nok til å vera der ei stund til utover kvelden, seier Aune.

– Politiet er på plassen, og ambulanse er òg framme der. Det er førebels ingen personskader som me kjenner til, seier Per Algrøy, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, like før klokka sju til Porten.no. 

Artikkelen held fram under videoen. 

Ikkje fare for spreiing til andre bygningar

Like etter sju melde politiet på Twitter at det ikkje er fare for spreiing til andre bygningar. 

– Korleis vil du skildra situasjonen?

– Det ser ut som at det brenn veldig godt i det huset, så det spørst om det er så mykje å berga. Det er litt tidleg enno, så eg kan ikkje sei noko heilt sikkert. Men huset er overtent, seier operasjonsleiaren.

LIKE VED: Huset som er overtent, ligg like ved Norum kyrkje i Sogndal. Foto: Halvor Storvik
Til toppen