RÅDYRE BUSTADER: Skal du ha ei sentrumsnær leiligheit i Sogndal må du no opp i 55.000 kroner for kvadratmeteren. Snittet ligg på rundt 50.000 kroner, noko som er høgare enn i fleire bydelar i Oslo. 
RÅDYRE BUSTADER: Skal du ha ei sentrumsnær leiligheit i Sogndal må du no opp i 55.000 kroner for kvadratmeteren. Snittet ligg på rundt 50.000 kroner, noko som er høgare enn i fleire bydelar i Oslo. 

Bustadprisane i Sogndal er historisk høge – slår fleire bydelar i Oslo

Trass i dei mange utbyggingane held bustadprisane i Sogndal fram med å stige. No er dei på nivå med prisar du berre finn i hovudstaden.

Sogndal: – Historisk er bustadprisane i Sogndal på det høgste nivået dei har vore nokon gong, seier Jan Rune Årøy i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

Han seier presset i Sogndal òg gjev gevinst for naboane.

– Det har vore fin bustadprisvekst på alle kommunane i Indre Sogn dei siste åra, seier han.

Les også: Her er dei fem viktigaste punkta i Campus-planen

Les også: Slik vil dei skape eit senter for fjell- og fjordsport i Sogndal

POPULÆRT I SENTRUM: Sogndal er i vekst og størstedelen av veksten skjer i sentrum av bygda. No har regionssenteret òg fått ei ansiktsløfting med den nye fjordstien.
POPULÆRT I SENTRUM: Sogndal er i vekst og størstedelen av veksten skjer i sentrum av bygda. No har regionssenteret òg fått ei ansiktsløfting med den nye fjordstien.

Prisnivå som i hovudstaden

I helga skreiv nettavisa E24 om dei eventyrlege bustadprisane i Sogndal. Sjølv om bygda berre har 7.839 innbyggjarar, er prisane på same nivå som i Oslo. Den gjennomsnittlege kvadratmeterprisen er faktisk høgare enn i fleire bydelar i hovudstaden.

Årøy stadfestar det biletet, men understrekar samstundes at prisane varierer mykje alt etter kva bustadtype det er snakk om og kor sentrale dei er.

– Det er spesielt mange som er på jakt etter sentrumsnære leiligheiter. Og dei har det ikkje vore så mange tilgjengelege av. Einebustader har ikkje hatt den same prisveksten, seier han.

Dei siste månadane har eigedomsmeklaren selt leiligheiter for så mykje som 55.000 kroner kvadratmeteren. Snittprisen det siste året ligg på rundt 50.000, dei siste seks månadane har han vore enno høgare. 

– På enkelte objekt har vi merka ein prisvekst på mellom åtte og ti prosent. Det er vesentleg meir enn normalt, seier Årøy.

Vanskeleg for nyetablerarar

Han meiner det er mange årsaker til den eventyrlege prisveksten.

VEKSTMOTOR: Fosshaugane Campus, her representert ved Høgskulen, er ein viktig forklaring på veksten til Sogndal.
VEKSTMOTOR: Fosshaugane Campus, her representert ved Høgskulen, er ein viktig forklaring på veksten til Sogndal.

– Sogndal er eit regionssenter som har hatt ei veldig flott utvikling, både på Fosshaugane Campus og i næringslivet generelt. Det er veldig stabile forhold i regionen. Me var aldri med på oljeoppturen, men har heller ikkje merka nedturen. Og så har det låge rentenivået slått positivt ut, det gir ein boost i bustadmarknaden, seier Årøy.

Sjølv om bustadprisane er ein indikator på at Sogndal gjer det godt, er det ikkje berre positive sider med det.

– Det er flott for dei som skal selje, men over tid er det klart at det blir vanskeleg for nyetablerar. Ein eller annan plass går grensa, seier Årøy.

Det blir no bygd mange nye bustader, både rundt sentrum, på Kaupanger og på Kjørnes. Difor trur Årøy at prisane vil normalisere seg noko over tid.

Men fjorden og fjella set naturlege grenser for kor mykje sjølve sentrum kan vekse. Årøy rår difor folk om å sjå litt vidare omkring når dei skal realisere bustaddraumen.

– Kjem du deg ut frå sentrum, så er det ikkje det voldsame presset. Der kan du gjere gode investeringar, seier han. 

Han vil verken skulde på politikarane eller andre for at prisane er som dei er.

– Eg vil ikkje peike på anna enn marknaden. Du kan få kjøpt bustader som er klare om to år til fornuftige prisar. Men dei fleste vil ha leiligheiter som er klare no, seier han.

MYKJE NYTT: Høgskulen byggjer nye 150 nye studentbustader som skal vere innflyttingsklare til hausten. I tillegg blir det bygd mykje nytt både i sentrum av Sogndal og litt utanfor. Det gjer at bustadmarknaden etter kvart truleg vil gå tilbake til meir normale tilstander.

Til toppen