PRISANE FLATAR UT: Ifølgje ekspertane er bustadprisane på topp no, og i 2016 blir det betydeleg mindre vekst i prisane enn det har vore hittil i år. Foto: Inge Gjellesvik / NTB scanpix
PRISANE FLATAR UT: Ifølgje ekspertane er bustadprisane på topp no, og i 2016 blir det betydeleg mindre vekst i prisane enn det har vore hittil i år. Foto: Inge Gjellesvik / NTB scanpix

Bustadprisane: Spår nye rentekutt, men låg prisvekst

Norske bustadar kostar meir enn nokonsinne. No skal bustadprisane flate ut, meiner ekspertane, som også forventar svært låge renter i mange år framover.

Styringsrenta var allereie på historisk lågt nivå da ho vart sett ned ytterlegare torsdag 24. september. No er ho nede på 0,75 prosent. Bankane følgde umiddelbart etter med kutt i bustadrentene.

Låg bustadrente er som kjent positivt for alle med lån på bustad – og for alle dei som har planar om å skaffe seg sin første sjølveigde heim.

Kjersti Haugland, analytikar i DNB Markets.
Kjersti Haugland, analytikar i DNB Markets.

Ifølgje analysane frå Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå og bankane er det sannsynleg at renta held fram med å vere låg i årevis. DNB trur attpåtil at styringsrenta blir kutta to gonger til.

– Våre anslag er at styringsrenta blir sett ned til 0,5 prosent rett før jul. Dessutan trur vi ho blir kutta endå ein gong om eitt års tid, ned til 0,25 prosent. Styringsrenta vil halde seg under 1 prosent heilt fram til 2018, spår Kjersti Haugland, analytikar i DNB Markets.

Harald Magnus Andreassen, sjeføkonom i Swedbank, trur det blir gjort ei ny justering av styringsrenta våren 2016, og at Noregs Bank då kuttar ho til 0,5 prosent.

Harald Magnus Andreassen, sjeføkonom i Swedbank.
Harald Magnus Andreassen, sjeføkonom i Swedbank.

– Dessverre, fordi det inneber at det ikkje går så bra med norsk økonomi. Men det er absolutt ikkje sikkert at ytterlegare rentekutt fungerer med tanke på å styrke den norske økonomien, seier han.

Fleire arbeidsledige

I gjennomsnitt kostar ein norsk bustad i dag omtrent dobbelt så mykje som han gjorde for 11 år sidan, viser den ferskaste bustadprisstatistikken frå Eiendom Norge.

Då denne statistikken vart lagt fram i byrjinga av september, viste det seg at bustadprisane på landsbasis hadde auka med 7,7 prosent frå august 2014 til august 2015. Samtidig vart det slått fast at bustadprisane aldri har vore høgare enn dei var i august i år.

– Vi reknar med at toppen er nådd i år, og at vi får ein liten prisnedgang i fjerde kvartal. Når vi skal samanlikne 2014 med 2015, ender vi truleg opp med ein prisauke på mellom 5 og 6 prosent, landet sett under eitt. I 2016 blir prisveksten lågare enn dette, seier administrerande direktør Christian V. Dreyer i Eiendom Norge.

Han understrekar at det er markerte regionale forskjellar. Stavanger-regionen er det einaste området med prisnedgang dei siste 12 månadane, med eit fall på 1,2 prosent. I Oslo-området, som er i motsett ende av skalaen, har prisane stige med 12,2 prosent i den same perioden.

Christian V. Dreyer, administrerande direktør i Eiendom Norge.
Christian V. Dreyer, administrerande direktør i Eiendom Norge.

– Arbeidsløyse er den viktigaste faktoren som påverkar bustadmarknaden. Stavanger og andre delar av Rogaland er hardast ramma av permisjonar og oppseiingar i oljenæringa. Dei neste månadane vil nedgangen i oljeverksemda sannsynlegvis få konsekvensar for bustadprisane også andre stadar, i første omgang på Sørlandet og Vestlandet, men seinare også på Austlandet og andre delar av Noreg. På grunn av større arbeidsløyse trur vi at det på landsbasis berre blir ein liten vekst i bustadprisane i 2016, og at det blir prisnedgang i nokre regionar, seier Dreyer.

Sunt med korreksjon

Eiendom Norge er ikkje åleine om vurderingane sine når det gjeld bustadprisutviklinga i Noreg det kommande året. Analytikarar som Erik Bruce i Nordea, Kjersti Haugland i DNB, Harald Magnus Andreassen i Swedbank og Stein Bruun i SEB spår også ein svak vekst i bustadprisane på landsbasis i 2016. Eller «utflating», som dei gjerne kallar det.

– Det er liten grunn til å tru at bustadprisane fell på lang sikt. Det er høg etterspørsel etter bustadar for sal dei fleste stadar i Noreg, og bustadbygginga er ikkje høg. Arbeidsløysa er aukande, men dei fleste har jobb med grei lønn. I tillegg er bustadlånsrentene veldig, veldig låge, argumenterer sjeføkonom Stein Bruun i SEB.

Artikkelen held fram under biletet

NYE BUSTADAR: Bustadbygging er blant faktorane som påverkar bustadprisane.
NYE BUSTADAR: Bustadbygging er blant faktorane som påverkar bustadprisane.

Bruun, Bruce og Andreassen meiner bustadprisane i dag er for høge, og at det er sunt om det kjem ein korreksjon. Det vil seie eit prisfall.

Det internasjonale pengefondet (IMF) er blant dei som har konkludert med at bustadprisane i Noreg er altfor høge, og at vi må vere budde på at verdien på bustadar kan komme til å falle med 40 prosent. Dette har Andreassen sagt seg einig i, og meiner det er sannsynleg at bustadprisane på eit eller anna tidspunkt vil falle kraftig.

Det trur ikkje Stein Bruun.

– Dei som meiner bustadprisane i Noreg vil falle med 40 prosent, er på bærtur. Det kan komme ein nødvendig korreksjon, og ein nedgang i bustadprisane som er kraftigare enn den vi så i 2013. Det er vanskeleg å føreseie den psykologiske effekten dersom bustadprisane skulle begynne å falle meir enn normalt, og om mange då lar vere å flytte eller kjøpe bustad for første gong. Men hugs at nordmenn har eit sterkt ønske om å eige sin eigen bustad, påpeiker Bruun.

(©NPK) 
 

Til toppen