TI LEILIGHEITER: NVE har sett ein stopper for prosjektet i tre år, men nor blir bustadprosjektet på Einemomarki ein realitet. Foto: Illustrasjonsfoto/Aktiv Årdal.
TI LEILIGHEITER: NVE har sett ein stopper for prosjektet i tre år, men nor blir bustadprosjektet på Einemomarki ein realitet. Foto: Illustrasjonsfoto/Aktiv Årdal.

Bustadprosjektet på Einemomarki blir ein realitet

Etter at NVE har sett ein stoppar for bustadprosjektet på Einemomarki i tre år, er dette no ein realitet.

  • Endret

– Eg mista ikkje trua på prosjektet, og no er fyrste byggetrinn klart, fortel grunneigar Brita Einemo Zwart til Porten.no.

Ho gav aldri opp håpet om å få prosjektet på plass. 

I tre år har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sett ein stoppar for bustadprosjektet då dei kravde at arealet måtte hevast 170 centimeter meter.

I laupet av desse åra har både grunneigar og Lærdal kommune kjempa iherdig for å få bustadprosjektet på plass.

– No er det ein realitet, fortel Zwart, som skal fylgje opp prosjektet i tida framover.

Artikkelen held fram under biletet.

STORT OG SMÅTT: Det er ikkje ti like leiligheiter som skal byggjast. Det vil vera mogleg å få kjøpt i tre ulike storleikar – 48, 60 og 120 kvadratmeter.
STORT OG SMÅTT: Det er ikkje ti like leiligheiter som skal byggjast. Det vil vera mogleg å få kjøpt i tre ulike storleikar – 48, 60 og 120 kvadratmeter.

Grunneigaren legg til at Einemomarki er eit spennande og framtidsretta prosjekt på Lærdalsøyri. 

Lokal arbeidskraft

Eigendomen er omlag elleve dekar og er knytta til eit friområde på kring éin dekar som kommunen har ansvaret for.

– Etter mange år med planlegging og hindringar på vegen, er fyrste byggetrinn endeleg klart for sal.

– Her har grunneigar gått saman med lokale entreprenørar og danna Einemomarki AS. Dessutan vert det nytta lokale folk i heile prosessen frå Lærdal, Årdal og Aurland, held Zwart fram.

Grunneigar har etablert Einemomarki AS og Lokreim Bygg, Betong AS, og tømrar Kjell Olav Bjørkum AS skal stå for utbygginga. 

Berekraftig utbygging

Einemomarki har i lang tid vore landbrukseigendom, men på grunn av offentleg regulering har ein ikkje drifta arealet intesivt.

– Det er store overskrifter om nedbygging av matjord, men lite vert gjort i praksis. Her er planen at matjorda vert flytta til Ljøsne, som i dag er eit «mekka» for matprodukjon.

Artikkelen held fram under biletet.

SENTRUMSNÆRT: Bustadane ligg nære sentrum, og ein har også kort veg til skule og barnehage frå bustadane.
SENTRUMSNÆRT: Bustadane ligg nære sentrum, og ein har også kort veg til skule og barnehage frå bustadane.

– Dette vert ein vinn-vinn-situasjon fordi ein i dag må hente fyllmasse frå Ljøsne. 

Med berekraftig utbygging vil Einemomarki bli eit godt eksempel på at miljøperspektivet vert ivareteke både energiøkonomisk, arealeffektiv og ikkje minst trivsel for beburarane og god infrakstruktur. 

Ti leiligheiter

Tomten er sentrumsnær og ligg i nærleiken av skule og barnehage. Prosjektet omfattar i første omgang tilsaman ti leilegheiter.

Bustadene er allereie lagt ut for sal på Finn.no, og prisen ligg på rundt 1 650 000 kroner til 2 950 000. Det er tre ulike typar leiligheiter som skal byggjast. 

Dei minste er 48 kvadratmeter store. Det mellomstore er 60 kvadratmeter store, medan dei største er på 120 kvadratmeter.

Til toppen