UTVIKLING: Arve Tokvam frå Lærdal Næringsutvikling meiner bustads- og næringsutvikling må på plass for å trekkje nye innbyggjarar til Lærdal. Foto: Kristoffer F. Øygarden
UTVIKLING: Arve Tokvam frå Lærdal Næringsutvikling meiner bustads- og næringsutvikling må på plass for å trekkje nye innbyggjarar til Lærdal. Foto: Kristoffer F. Øygarden

Bustadsutvikling i fokus

Bustadsutvikling i Lærdal stod i sentrum då årets Kom Heimatt-arrangement opna med fagdag og foredrag torsdag denne veka. Arve Tokvam frå Lærdal Næringsutvikling var ein av dei som kom med innspel om korleis ein skal trekkje folk tilbake til kommunen.

Lærdal: Torsdag denne veka gjekk det 11. Kom Heimatt av stabelen i Lærdal – arrangementet som tek sikte på å lokke folk tilbake til kommunen. For tredje år på rad startar Kom Heimatt med fagdag og foredrag, der ein tek opp tema knytt opp mot kva som skal til for gjere Lærdal attraktivt å busetje seg i.

Tidlegare har jobb og næringsutvikling vore hovudtema, men i år er det bustadsmoglegheitar som står i fokus.

Medarrangør Inghild Lysne Sanden fortel at dei i Kom Heimatt-komiteen kjente til fleire som hadde vanskar med å få tak i bustad i Lærdal, og at dette bidrog til å fastsetje årets tema.

– Det er klart at det ikkje berre er jobb som er viktig når folk skal flytte heim. Å ha ein plass å bu er jo òg viktig. Derfor vart bustad eit naturleg tema å ta opp i år, seier ho.

Ynskjer å tiltrekkje dei unge

Arve Tokvam frå Lærdal Næringsutvikling var ein av dei som kom med innspel under arrangementet. Han fortalde om Lærdal Næringsutvikling sine prosjekt knytta til temaet, og arbeidet dei gjer for å tilretteleggje for at folk skal kunne jobbe og bu i Lærdal.

Ifølgje Tokvam er det heilt nødvendig med målretta arbeid for å trekkje til seg den yngre garden.

– I tilknyting til omstillingsarbeidet i kommunen er det sett mål om å auke innbyggjartalet med 100 personar. Dette er allereie eit ambisiøst mål, og me håpar på å trekkje mest mogleg folk i aldersgruppa 20-40 år, som jo er den mest produktive alderen. For å få dette til treng me ikkje berre attraktive arbeidsplassar, men gode møteplassar, for å skape eit sosialt miljø, og bustadsformar som passar denne aldersgruppa. Lærdal næringsutvikling legg opp sine prosjekt og sitt arbeid etter dette målet, seier han.

INTERESSE: Det var tydeleg interesse rundt temaet bustadsutvikling i Lærdal under arrangementet torsdag.
INTERESSE: Det var tydeleg interesse rundt temaet bustadsutvikling i Lærdal under arrangementet torsdag.

Lærdal Næringsutvikling er i tett dialog med fleire aktørar med tilknyting til Lærdal som kunne tenke seg å starte for seg sjølv. Mykje av arbeidet er retta mot å få desse tilbake til kommunen. Gjennom nye initiativ og eksisterande bedrifter har dei fokus på å skape nye arbeidsplassar.

– Men me kan ikkje gå ut og profilere desse om ikkje folk har ein plass å bu, påpeikar Tokvam.

Difor er bedrifta er i tett dialog med kommunen for at bustadsutvikling skal komme i fokus, og er pådrivar for utbygging av infrastruktur.

Blant dei konkrete prosjekta i dag finn me for eksempel utarbeidinga av ein reguleringsplan for utbygging på Håbakken.

Samansett problem

Ved sidan av bustadsutvikling peikar Tokvam på fleire faktorar som er viktige for å nå målet om å auke innbyggjartalet i Lærdal.

Ein av desse er å skape møteplassar for folk, og å gjere eksisterande møteplassar attraktive for folk.

– Me høyrer at folk ikkje synes det er nok plassar dei kan gå ut for å møtast. Me manglar blant anna kafear og liknande i Lærdal.

Her vil initiativ frå lokale og eksterne aktørar kunne gjere ein stor forskjell.

Ein anna faktor er profilering og omdømme. Tokvam fortel at Lærdal er godt profilert nasjonalt, på grunn av kulturen og historia, men at kommunen slit med omdømmet ovanfor både innbyggjarane og nærområda.

– Skal me trekkje folk til kommunen må me betre omdømmet, seier han.

Tett samanheng mellom bustads- og næringsutvikling

Tokvam påpeikar i tillegg at bustadsutvikling og næringsutvikling må gå hand i hand.

Eitt eksempel på dette var når Statens Vegvesen sine nye arbeidsplassar vart oppretta i Kiwi-bygget på Lærdal. Det var mange eksterne søkjarar, og alle hadde behov for buplass lokalt. Likevel valde mange å busetje seg i andre kommunar fordi det ikkje var nok bustadstilbod i Lærdal som var tilrettelagde for dei.

– Me har ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion saman med nabokommunane, og det er vanleg at folk pendlar i dag. Me kan sjølvsagt ikkje styre kvar folk skal bu, men om me har ambisjonar om nye innbyggjarar og samstundes nye arbeidsplassar må me sjå bustadsutvikling og næringsutvikling som ei heilskap, seier Tokvam.

Til toppen