IKKJE LOV: Kulturdepartementet avslår søknaden frå NHO Handels medlemmer om at daglegvarebransjen kan halde vanleg søndagsope andre pinsedag i år.​ Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
IKKJE LOV: Kulturdepartementet avslår søknaden frå NHO Handels medlemmer om at daglegvarebransjen kan halde vanleg søndagsope andre pinsedag i år.​ Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Butikkar får ikkje halde ope andre pinsedag

Kulturdepartementet avslår søknaden frå NHO Handels medlemmer om at daglegvarebransjen kan halde vanleg søndagsope andre pinsedag i år.

Indre Sogn: Kulturdepartementet har behandla saka og understrekar at hovudregelen i heilagdagslova er at butikkar skal halde stengt på desse dagane.

NHO Handels medlemmer innan daglegvarebransjen søkte om å halde ope fordi andre pinsedag i år fell på dagen før 17. mai. Organisasjonen søkte tidlegare alle fylkesmennene om dispensasjon frå påbodet om å halde stengt andre pinsedag, men søknaden vart avslått.

Departementet legg vekt på at ein dispensasjon må gjelde likt over heile landet og for alle daglegvarebutikkar, men meiner lova ikkje gir heimel for ei så omfattande tillating. (©NPK)

Til toppen