ÅRSAKER: Ingvar Laberg meiner dei politiske partia burde sjå på årsakene til at det har blitt ein skeiv balanse mellom by og land i Norge.
ÅRSAKER: Ingvar Laberg meiner dei politiske partia burde sjå på årsakene til at det har blitt ein skeiv balanse mellom by og land i Norge. (Foto: Privat)

MEININGAR

«By og land hand i hand» – ein meinigslaus floskel ?

– Historisk var slagordet «By og land, hand i hand» eit strategisk og kraftig postulat i arbeidet med å byggja oppatt Norge etter krigen. I dag, derimot, er det nærliggjande å hevda at slagordet har resultert i ein kraftig ubalanse, der by er bygd opp og land bygd ned, skriv Ingvar Laberg i innlegget.

Meiningar: I Dagsnytt 18 tysdag 5.januar opplevde eg på nytt ein debatt om distriktspolitikken snudd på hovudet. Politikarane Kamzy Garatnam (AP) (varaordførar Oslo), Distriktsministar Linda Hofstad Helleland (H) og stortingsrepresentant Heidi Greni (Sp) vart utfordra omkring at byane tapar i debatten om distriktspolitikk.

Ingen av dei er viljuge til å henga bjølla på katten, nemleg ei storstila folkevandring frå distrikts-Norge til byane, særleg til Oslo, i perioden ca. 1980 til dags dato. Demografiske fakta syner at i 1980 budde om lag 50 prosent av befolkningen i byar og 50 prosent i distrikt.  Fram mot 2020, altså ein periode på om lag 40 år, endra dette forholdet seg til 70 prosent i byar og 30 prosent  i distrikt, altså ei folkevandring, særleg av ungdom, tilsvarande 1.5 millionar innbyggjarar. 

Historisk var slagordet «By og land, hand i hand» eit strategisk og kraftig postulat i arbeidet med å byggja oppatt Norge etter krigen. I dag, derimot, er det nærliggjande å hevda at slagordet har resultert i ein kraftig ubalanse, der by er bygd opp og land bygd ned.

Bør finna årsakene til ubalansen

For meg framstår politikarar frå alle parti som redde for å setja ord på denne ubalansen, og hevdar at dette blir ein konfronterande diskusjon som vil splitta by og land, underforstått tap av veljarar i byane, der innbyggjartalet er størst.

Det var ingen i Dagsnytt 18, heller ikkje programleiaren, som orienterte diskusjonen i retning av faktagrunnlaget, nemleg den eskalerande ubalansen mellom by og bygd.  Denne og tilsvarande diskusjonar er opptekne av resultata av folkeflyttinga, utarma bygder og eksplosiv folkeauke i byane. I begge tilfelle kan ein lista opp negative konsekvensar i fleng.

Tenk om dei politiske partia kunne gå saman om å finna årsakene til ubalansen i utviklinga dei siste 40 – 50 åra og erkjenna at dei alle har eit større eller mindre medansvar for det som har skjedd, og deretter laga politikk omkring distriktspolitiske virkemiddel med sikte på «å ta i bruk heile landet», som mange vakkert hevdar dei vil. 

Kva er årsakene til flyttestraumen? Flytter unge menneske frå utkant-Norge fordi dei vil, eller fordi dei må? Er det slik at store deler av den yngre generasjonen romantiserer over det flotte livet i byane med tilgang på urbane livskvalitetar, kulturtilbod m.m. og tek bakdelane med på kjøpet – dyre inngangsbillettar i bustadmarknaden, mangel på dagleg tilgang til natur, fridom frå forureining, trygge og inspirerande oppveksttilhøve for barna m.v. Er flyttestraumen styrt av ei sjølvforsterkande kraft som er immun mot politiske verkemiddel og som følgjeleg berre er eit upåverkeleg faktum?

Det er mange slags fakta, kan nokon hevda, til dømes at arbeidsløysa i utkantane er svært låg. Javel, men det må sjåast i samanheng med at folketalsutviklinga i bygdene våre er urovekkjande negativ. Kan det vera slik at arbeidsløysa er låg fordi folk i distrikta flytter til byane på jakt etter arbeid som dei ikkje har tilgang til i distrikta?

Nedlegging og kutt

Dei politiske partia må må gå til faktagrunnlaget bakom flyttemønsteret. Det er å finna i politisk styrde reformer som har til felles nedbygging av utkantar og sentralisering il byar og tettbefolka regionar. Faktagrunnlaget handlar om nedlegging av sjukehus og lokale helsetilbod, svekka ambulanseteneste med auka responstid, drastiske kutt i statlege arbeidsplassar ( rettsvesen, domstolar, NAV-reforma, politireforma,nedlegging av høgskuleavdelingar, nedlegging av 3 – 400 grunnskular, samanslåing av kommunar og fylkeskommunar m.m.).

Mange reformer kan tilsynelatande vera godt begrunna, men dei fleste fører til drastisk nedlegging av aktivitet og arbeidsplassar i utkantar, med tilsvarande auke i byar, særleg Oslo. I kjølevatnet av dette har det skjedd ein kraftig vekst i direktorat og departement og andre statsinstitusjonar.

Ran av verdiar og ressursar

Ein kan med rette hevda at Staten trekkjer seg tilbake til sentrum (Oslo), samstundes som ei hovudgrunngjeving bakom kommune- og regionreforma var at oppgåver skulle tilførast regionane og utkantane.

Midt oppi dette skjer eit ran av verdiar og ressursar frå utkant-Norge. Om lag alt vi lever av i Norge blir produsert og hausta i distrikta. Vasskraftproduksjonen er berre eitt av døma på utkantane sit att med naturinngrepa, medan byane og kontinentet (EU) har full råderett over verdiskapinga.

På 1960–70-talet synte Storting og regjering handlekraft med ein målretta distriktspolitikk. I dag er dette erstatta av den frie marknaden og marknadsliberalisme som sikrar at makta rår.

Mitt nyttårsønskje framfor stortingsvalkampen er at dei politiske partia tek medansvar for utviklinga dei siste 30 – 40 åra og erkjenner at utviklinga ikkje har  komme av seg sjølv, men av vilja politikk.

Til toppen