POSITIVE: Bygdefolk meiner i større grad enn byfolk at innvandrarar er godt integrerte i kommunane sine. Illustrasjonsfoto frå opninga av vaksenopplæringa i Lærdal
POSITIVE: Bygdefolk meiner i større grad enn byfolk at innvandrarar er godt integrerte i kommunane sine. Illustrasjonsfoto frå opninga av vaksenopplæringa i Lærdal

Bygdefolk mest positive til integrering

Folk på bygda meiner i langt større grad enn byfolk at innvandrarar blir godt integrert, viser ei ny undersøking.

Omtrent halvparten av dei som bur på bygda seier seg heilt eller delvis einige i utsegna «Innvandrarar blir godt integrerte i kommunen min», ifølgje ei undersøking frå Norsk senter for bygdeforskning. Mens 48 prosent av bygdefolket svarar bekreftande, er delen nede i 36 prosent for folk i meir urbane kommunar, skriv Adresseavisen.

– Dette er ganske oppsiktsvekkjande. Generelt finn vi ikkje så store forskjellar i haldningar mellom folk på bygda og folk i meir urbane kommunar, seier sosiolog og forskar Alexander Thanem ved Norsk senter for bygdeforskning. Han trekkjer fram sysselsetting og synlegheit som to moglege forklaringar.

– Innvandrarar i rurale kommunar er i større grad i arbeid, og sysselsetting er viktig for integrering og for korleis folk oppfattar at nokon er integrert. I større kommunar har ein også mindre oversikt, og det kan bidra til at innvandrarar ikkje blir sett på same måte.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viste i fjor sommar at skepsisen til innvandrarar har auka i kjølvatnet av bølgja med asylsøkjarar hausten 2015.

Til toppen