Gulen: – Etter vår meining passar eit offentleg toalett ikkje saman med eit bårerom. Me ser dette som heilt uakseptabelt, skriv Brekke bygdekvinnelag i eit brev til Gulen kommune.
Brevet er ein reaksjon på vedtaket formannskapet i Gulen gjorde 22. august. Formannskapet ba administrasjonen ta kontakt med kyrkja for å vurdere om toaletta i bårehuset i Brekke kyrkje kan nyttast som offentleg toalett i bygda.
Saka kom opp etter at Joker Brekke sende brev til kommunen der butikken informerte om behovet for eit offentleg toalett. Ifølgje butikken har opp til 20 personar om dagen vore innom og spurd etter toalett i sommar.
Ønskjer toalett på kaia
Bygdekvinnelaget viser blant anna til at det vil vere problematisk med toalett-trafikk opp til kyrkja når det til dømes er gravferd eller ander kyrkjelege seremoniar.
Vidare skriv organisasjonen at kaia i bygda framstår som eit skjemmande område med overfylde renovasjonscontainerar, og at den ofte vert nytta til oppstilling av maskiner og utstyr. Ifølgje bygdekvinnelaget eig kommunen område i nærleiken som er betre eigna til avfallshandtering.

Laget ønskjer at kommunen set opp eit offentleg toalett på kaia dersom det vert frigjeve areal, som både tilreisande og fastbuande kan nytte.
– Bygdekvinnelaget håpar og trur det også er i kommunen si interesse å presentere Brekke på best mogleg måte, står det i brevet.
Eigarane av Joker Brekke har tidlegare sagt til Porten.no at å nytte bårehuset som offentleg toalett berre bør vere ei mellombels løysing.
Vil kontakte kyrkjeleg fellesråd
Rådmann i Gulen, Reidun Halland, seier at ho førebels ikkje har sett brevet frå bygdekvinnelaget. Kommunen har vore i kontakt med kyrkjeverja om saka. Dei vart samde om å sende eit brev til kyrkjeleg fellesråd.
– Det er der saka står no, og me kjem til å sende brev til kyrkjeleg fellesråd. Me må høyre med alle partar i saka, seier Halland.
– Vil det vere eit alternativ å setje opp eit offentleg toalett på kaia i Brekke?
– Det må vurderast politisk. Me har mange grender å ta omsyn til i Gulen. Me må sjå på likskapsprinsippet her, seier Halland.
- Les òg: Ein "kafé av og te" i Eivindvik