Næringsorganisasjonen Hanen har pussa opp nettsida si i jubileumsåret. Dagleg leiar Bernt Bucher Johannessen vonar mange vil leggje turen innom og finne inspirasjon til noregsferie. Foto: Kari Hamre / NPK.
Næringsorganisasjonen Hanen har pussa opp nettsida si i jubileumsåret. Dagleg leiar Bernt Bucher Johannessen vonar mange vil leggje turen innom og finne inspirasjon til noregsferie. Foto: Kari Hamre / NPK.

Bygdeturismen blømer som aldri før

Næringsorganisasjonen Hanen fyller 20 år i år. Blant medlemmene, som tilbyr gardsmat og bygdeturisme av ymse slag, har det vore stor vekst og variasjon gjennom alle desse åra. Og næringa har stor tru på sesongen i år.

– På desse åra har mangfaldet blant medlemsbedriftene våre blitt veldig stort og fantastisk. Vi har snart 500 medlemmer frå heile Noreg. Bygdeturisme og gardsmat har teke til å gi inntekter og pensjonspoeng. Dei som driv med dette er ikkje ein naiv gjeng som surrar rundt i sommartåka og sel honning. Dette er seriøse bedrifter som bidreg til arbeid i lokalsamfunna sine, seier dagleg leiar i Hanen, Bernt Bucher Johannessen.

Hanen i mange kanalar

– Bygdeturisme er ei næring som må bli teken på alvor og bli skikkeleg marknadsført ute i verda. Vi er ikkje på jakt etter busslaster med turistar som berre blir her i 48 timar, men vi har søkjelys på dei turistane som vil kome og vere ein del av lokalsamfunnet og oppleve det spesielle kvar og ein har å tilby, seier Bucher Johannessen.

Hanen-organisasjonen har gjennom tjue år framsnakka og synleggjort små reiselivsbedrifter i Bygde-Noreg. I år har jubilanten pussa opp nettsida si, men kan også tilby ein app for å gjere bygdeperlene meir tilgjengeleg for folk. Hanen har i tillegg inngått samarbeid med den norske reiselivsportalen Visitnorway.com for å bli endå meir synleg både i inn- og utland.

Radiosommar

Men ikkje nok med det: Hanen, med dagleg leiar Bernt Bucher Johannessen i første rekke, skal gjennom åtte veker i sommar reise rundt og marknadsføre bygdeturisme på radio.

– Eg skal vere radioreporter i sommar. Hanen har fått til eit samarbeid med NRK radio. Vi skal reise rundt og fortelje radiolyttarane om eit utval av Hanen-medlemmene og opplevingane dei tilbyr i Bygde-Noreg, fortel Johannessen.

Framtidstru

I den årlege medlemsundersøkinga til Hanen går det også i år fram at det er stor optimisme og framtidstru i næringa. Vel 92 prosent av bedriftene trur at sommaren 2017 blir "som i fjor eller betre" for dei. Av desse er det vel 48 prosent som trur sommaren i år blir "mykje betre eller betre enn i 2016". Samtidig er 70 prosent ganske eller svært optimistiske når det gjeld framtida.

– Dette er gode tal. Trenden gjennom mange år held fram. Omsetninga aukar og det vert levert gode økonomiske resultat. For første gong i 2016 hadde meir enn halvparten av Hanen-medlemmene over 1 million kroner i omsetning, seier Bernt Bucher Johannessen.

Til toppen