I MORGON: Skjermdump av Yr.no sitt nedbørvarsel for klokka 10.00 søndag.
I MORGON: Skjermdump av Yr.no sitt nedbørvarsel for klokka 10.00 søndag. (Foto: Meteorologisk institutt)

Bygevêr laurdag - meir vind og nedbør søndag

Dagen i dag vil vera prega av nordvestleg vind og typisk bygevêr. I morgon tek vinden seg opp at og mengden nedbør vil auka.

Sogn/Vestlandet: – I går hadde me gult farevarsel i forhold til vinden på Vestlandet, det har me ikkje i dag. Vêret har roa seg no og vindstyrken er redusert, fortel vakthavande meteorolog i Meteorologisk institutt, Anne Solveig Andersen.

Dei siste dagane har vore prega av sterk vind i både Ytre og Indre Sogn. Meteorologen fortel at dagen i dag vil bli prega av ganske skiftande vêr.

– Dette gjeld for heile Sogn og Vestlandet generelt. Det vil vera nordvestleg vind og typisk bygevêr. Det er vanskeleg å seie heilt korleis forholda er lokalt, forklarar meteorologen.

I skrivandre stund ser det fint ut mange stader i Indre Sogn, men meteorlogen fortel at når det gjeld bygevêr kan ein typisk gå frå sol til heilt mørkt på grunn av regnskyer.

– Det kan vera heilt fint i den eine bygda og nedbør i andre, seier ho.

Farevarsel om mykje nedbør lokalt

Medan me kan venta enkelte tilfeller med nedbør i dag, ser det ut til å bli meir jamn nedbør i morgon.

– I morgon vil det koma eit nytt nedbørsområde og eit lågtrykk over Vestlandet. Frå og med i natt vil det koma ei ny vindauke frå sørleg retning og det vil koma meir nedbør i frå i natt, fortel ho.

Ifølgje meteorologen vil nedbøren først koma i form av snø og sludd i indre og høgare strøk, men at den vil gå over til regn utover morgonen.

– Snøgrensa vil ligga høgare på grunn av den milde lufta, og me har sendt ut farevarsel om at det enkelte plassar kan koma mykje nedbør lokalt.

Dei stengde fjellovergangene på Vestlandet har fått mykje merksemd dei siste dagane og mykje tyder på at det ikkje vil bli heilt problemfritt i trafikken i helga heller.

– Det kan framleis vera mykje vind og me åtvarar mot meir vind i morgon og snøfokk i fjellet. Det vil ikkje vera gunstige forhold, seier ho.

Temperaturen som ligg rundt minus nokre stader i dag, men den vil stiga med fem-seks grader fleire stader i morgon.

Til toppen