INSEKTEKSPERT: Entomolog Lars Ove Hansen viser korleis ein kan lage eit hotell med rom for pollinerande insekt.
INSEKTEKSPERT: Entomolog Lars Ove Hansen viser korleis ein kan lage eit hotell med rom for pollinerande insekt.

Bygg bustad for biene

Vil du bidra til at pollinerande insekt skal slå seg ned og formeire seg, kan du tilby eit hotellopphald i hagen.

– Det er blitt veldig populært med insekthotell. Eg håpar det kan bidra til at biebestanden blir halden oppe også i bymiljø, det er viktig for pollineringa, seier entomolog ved Naturhistorisk museum, Lars Ove Hansen.

Veldig mange av plantene vi et, må nemleg bli pollinert av insekt for at dei skal sette frukt. Men for at insekta skal kunne formeire seg, må dei ha ein stad å bu, og det er ikkje alltid like lett å finne i tettbygde strøk.

– Dagens hagar er gjerne altfor velstelte. Det vi ser på som rot, kan vere ypparlege bustader for insekt. Ute i naturen bur til dømes ein del bieartar gjerne i morkne stammar der larvar har laga hol og gangar, seier han.

Vil du få biene til å flytte inn i eigen hage, kan løysinga vere eit insekthotell – eit ord Hansen helst ikkje brukar.

Artikkelen held fram under biletet.

ROMSLEG: Lars Ove Hansen lagar insekthotell med plass til hundrevis av bebuarar – men roar med at du kjem langt med berre ein bunt hole strå med ståltråd rundt.
ROMSLEG: Lars Ove Hansen lagar insekthotell med plass til hundrevis av bebuarar – men roar med at du kjem langt med berre ein bunt hole strå med ståltråd rundt.

– Eg føretrekkjer å seie biehotell. Biene er dei viktigaste pollinatorane, og det er dei vi først og fremst ønsker å hjelpe, sjølv om ulike parasittar også gjerne flyttar inn, seier han.

Hol-buarar

Vil du lage eit biehotell, er Hansens aller enklaste tips å klippe av den øvste delen av ei stor brusflaske i plast. Inn i flaska stikk du til dømes bambusrøyr eller takrøyr, ein plante du kan finne i våtmarksområde. Du kan også berre knytte saman røyra med ein ståltråd.

– Biene går inn i hola og lagar celler av voks som dei legg pollen i. Deretter legg dei egg, som det kjem larvar ut av, fortel Hansen.

Ulike artar har ulike preferansar for holstørrelse, så det beste er å tilby hotellrom med forskjellig diameter.

– Det er eigentleg berre kreativiteten som set grenser for kva du kan bruke til å byggje hotellet, seier han, og viser fram takrøyr, bambusrøyr, tørka stenglar av kjempebjørnekjeks, tørre vedkubbar med rom under barken, og murstein og trepinnar det er bora hol i.

PYNT: Legg du ned litt arbeid, kan insekthotellet bli ganske så dekorativt.
PYNT: Legg du ned litt arbeid, kan insekthotellet bli ganske så dekorativt.

Raserer hotellrommet

Det er likevel ikkje berre insekta som kan fatte interesse for det nybygde hotellet.

– Mauren kan også flytte inn. Det første året eg hadde biehotell i hagen, bora eg berre hol i ein bjørkestubbe. Der tok maurane heilt over, seier Hansen.

Fuglane kan også gjere sitt for å rasere hotellromma.

– Biene er smarte, dei lagar gjerne ei juksecelle ytst slik at det ikkje gjer noko om ein fugl hakkar i den. Men særleg skjorene kan vere fæle til å hole røyra ut. Derfor kan det vere lurt å lime dei fast eller sette ein grov netting framfor, tipsar han.

Einslege bieartar

I Noreg finst det over to hundre bieartar. Berre nokre av dei vil trivest på hotellet.

– Vi har både solitære og sosiale bieartar. Dei vi hjelper her, er dei solitære, altså dei einslege biene, som gjer alt arbeidet sjølv i staden for å samarbeide med resten av kolonien. Den vanlegaste er hornmurarbie, seier Hansen.

KJØPEHOTELL: Det finst mange ulike insekthotell å få kjøpt, dette er frå Wildlife Garden.
KJØPEHOTELL: Det finst mange ulike insekthotell å få kjøpt, dette er frå Wildlife Garden.

– Fleire av bieartane i Noreg er utryddingstrua, så det er viktig å arbeide for at ikkje fleire artar skal forsvinne, seier han.

Har du ikkje tid til å lage eit insekthotell sjølv, finst det ferdige variantar å få kjøpt. Uansett om du kjøper eller lagar hotellet sjølv, bør det plasserast i sola.

– Biene kan nesten ikkje få nok sol, seier Hansen.

At takka for gratis hotellrom skal kome i form av eit biestikk, meiner han det er liten grunn til å vere uroleg for.

– Dei er ikkje så ivrige på å stikke, ein må nesten ta dei i handa for at det skal skje.

Til toppen