OPTIMISME: Optimisme blant norske bønder er ei av årsakene til at bygginga av nye fjøs og driftsbygningar det siste året har auka med 25 prosent. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OPTIMISME: Optimisme blant norske bønder er ei av årsakene til at bygginga av nye fjøs og driftsbygningar det siste året har auka med 25 prosent. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Byggjeboom blant bønder

Optimisme blant norske bønder er ei av årsakene til at bygginga av nye fjøs og driftsbygningar det siste året har auka med 25 prosent. Det er den største byggjeaktiviteten på seks år.

Indre Sogn: – Eg vil kalle det eit resultat av ein raudgrøn og blåblå cocktail. Sju av dei åtte jordbruksoppgjera under dei raudgrøne var gode. Det beste kom det siste året. Dei blåblå har løfta taket for ein del konsesjonar, blant anna for kylling, og dei har flytta tilskota frå små til store.

– Dessutan har dei tre siste åra dokumentert at landbrukspolitikken til Frp, med milliardkutt i tilskot, ikkje blir gjennomført. Det skaper optimisme. Når det i tillegg er utsikter til låg rente i lang tid, så er det lettare å få økonomi i det, seier professor Reidar Almås ved Bygdeforskning til Nationen.

Det siste året har bønder over heile landet starta å byggje nærmare 668.000 kvadratmeter med nye bygningar til gardsdrift. I kroner og øre dreier det seg om bygningar og teknisk utstyr på rundt 4,5 milliardar kroner berre det siste året. Det er nesten 1 milliard kroner meir enn året før.

Almås trur veksten i byggjeaktiviteten kjem til å fortsette, og peikar på at mange mjølkefjøs er bygde på 70-talet. (©NPK)

Til toppen