Målet er at alle bedrifter og innbyggjarar i Sogn og Fjordane anten skal ha eller vere på veg til å få neste generasjons breiband innan 2020. Det vart bestemt av Fylkestinget, då dei i juli i år vedtok ein ny strategi for breiband.
– Dette er eit ambisiøst mål som krev delfinansiering frå staten, seier prosjektleiar i næringsavdelinga til fylkeskommunen, Olav Skarsbø, i ei pressemelding.
Les også: Får pengar til vidare utbygging av breiband
Les også: Årdalsnett ser på planar for utbyggjing av breiband på fjellet
Der kjem det fram at fylkeskommunen i år har søkt om støtte til tre nye prosjekt på til saman førti millionar kroner. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet skal i haust fordele 126,5 million kroner i statsstøtte til kommunar og fylkeskommunar i heile landet. Sogn og Fjordane har enno mange områder som manglar eit fullgodt tilbod.
Berre dei siste åra har det vore ei samla breibandutbygging for rundt 170 millionar kroner i fylket.
Her i Sogn er det Flåmsdalen i Aurland, Lånefjorden i Balestrand, Erdal i Lærdal, Jostedalen i Luster, Fjærland i Sogndal, Arnafjord i Vik og Øvre Seimsdalen og Fardalen i Årdal som står på lista over kommunar fylkeskommunen vil søkje om midlar på vegner av.