GRATULERAR: Administrerende direktør Knut Strand Jacobsen i Byggmakker Handel AS deler ut prisen for årets Byggmakker til Kjell Andersen, dagleg leiar i Byggmakker Andersen i Øvre Årdal. Foto: Tom Pike
GRATULERAR: Administrerende direktør Knut Strand Jacobsen i Byggmakker Handel AS deler ut prisen for årets Byggmakker til Kjell Andersen, dagleg leiar i Byggmakker Andersen i Øvre Årdal. Foto: Tom Pike

Byggmakker Andersen vann nasjonal kåring

- Dette er resultatet av knallhard jobbing over lang tid, seier Kjell Andersen, dagleg leiar i Byggmakker Andersen.
 

Årets Byggmakker er den årlege internprisen til den butikken i den nasjonale byggjekjeda som har gjort det best i heile Norge.

Under prisutdelinga fredag kveld, stakk lokalbutikken i Øvre Årdal av med den gjeve Byggmakker tittelen.

- Vi har aldri vunne før, men vi ha vore nominert. Det er ulike kriterier for å vinne, blant anna omsetjing og vekst, seier Kjell Andersen til Porten.no laurdag morgon.  

Slo ut 89 andre butikkar

I ein sterk konkurranse med 89 butikkar frå heile landet, gjekk Byggmakker Andersen frå Øvre Årdal, heilt til topps under kåringa av årets Byggmakker butikk fredag kveld.

- Dette er ein pris som hengjer høgt i heile Norges byggjebransje. På vegne av både tilsette og kundar er eg både rørt og stolt, seier Andersen.

Omsette for 46,6 millionar

Hardt arbeid er mykje av grunnen til at butikken klatra heilt til topps under årets prisutdeling.

- Vi har fleire gonger vore blant dei tre nominerte. Det at vi vinn årets pris, syner at det nyttar å arbeide både langsiktig, målretta og strukturert, seier Andersen.

Han seier det er ekstra hyggeleg å motta prisen for eit år der bedrifta oppnådde ein omsetjing på 46,6 millionar kroner. Noko som tilsvarar ein vekst på heile 22 prosent målt mot 2014.

Verdiane står sterkt

For for å vinne den gjeve konkurranen om å bli årets Byggmakker, må butikken kunne syne til gode resultat på fleire område.

- Verdiane til konsernet må stå sterkt i bedrifta og dei må vere lojale og utnytta fordelen ved å vere eit medlem. Butikken må også gjere noko ekstra, ha god salsutvikling, vere lønsamme og ha detlteke på ulike aktivitetar som kjeda arrangerar. Byggmakker Andersen i Øvre Årdal oppnådde gode resultat knytt til alle desse kriteria, seier Knut Strand Jacobsen, administrerande direktør i Byggmakker Handel AS.

På måndag blir det kake

- At vi gjekk til topps i denne nasjonale konkurransen, er ein stor verdsetjing og utruleg motiverande for alle dei 16 tilsette i butikkane våre i Årdal og Lærdal, seier Andersen.

Arbeidarane står på året rundt for at butikken skal framstå både inspirerande og seljande.

- Med sin kunnskap og service, bidreg alle til svært nøgde kundar. Eg er overbevisa om at det er dette som skal til for at vi klarar oss i ein stadig meir konkurranseutsett marknad, seier Andersen.

Han meiner prisen dei fekk fredag kveld er eit bevis på at denne innstillinga lønner seg.

- Eg gledar meg ekstra mykje til å samle alle dei tilsette på måndag. Då vert det kake, avsluttar Andersen.

Til toppen