MINI-MESSE: Torsdag inviterer Byggmakker Andersen til ei mini-messe i Lærdal i samband med kjeda sitt roadshow. Kjell Andersen håpar dette er noko både proffe og amatørar vil dra nytte av. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
MINI-MESSE: Torsdag inviterer Byggmakker Andersen til ei mini-messe i Lærdal i samband med kjeda sitt roadshow. Kjell Andersen håpar dette er noko både proffe og amatørar vil dra nytte av. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Byggmakker møter lokale handverkarar

Tidenes største roadshow kjem til Lærdal. 

Lærdal: Torsdag kjem nærare 50 lokale handverkarar til Byggmakker Andersen i Lærdal i samband med kjedas roadshow, som dei kallar det. Frå mars og fram til juni skal kjeda reise landet rundt.

– Byggmakker kjem med ein trailer med ti leverandørar til Lærdal. Her demonstrerer dei produkt og syner dei fram, slik at både proffe og vanlege kundar kan gå rundt og stille spørsmål, seier dagleg leiar Kjell Andersen.

Byggmakker Andersen har gjennom fleire år drive opplæring av lokale handverkarar i energieffektivisering. Mange av både tilsette og proffkundane er godkjende energirådgivarar av Enova. 

– Me har akkurat gjennomført ei undersøking som viser at miljø er viktig for bustadeigarar når dei skal pussa opp. Heile 8 av 10 seier at den viktigaste årsaka til at dei ønskjer miljøvenlege løysingar når dei pussar opp er at dei generelt er opptekne av miljø.

– I samband med arrangementet vårt presenterer me difor ulike verktøy som kan bidra til auka oppdragsmengde for lokale handverkarar. Me merkar nemleg ein større interesse blant norske bustadeigarar når det gjeld energieffektivisering. Det har difor vore viktig for oss å lage ei teneste for proffkundane som bidreg til at norske bustadeigarar lettare kan ta dei gode vala, seier han vidare.

Byggmakker har mellom anna blitt ein av partnerane til Arctic Race of Norway i 2016. Difor blir det sjølvsagt konkurranse, der premien er å delta på amatørrittet i Bodø i august.

– Me ønskjer å skapa litt aktivitet rundt butikken og sameleis føler me ei plikt i å få kompetansebyggjing ut til handverkarar. Det er ikkje alltid dei har tid til å reise på messer, så dette er ei mini-messe som vert arrangert lokalt. Det er stort sett dei store byane dei reiser til, så me er heldige som har fått dei hit, seier Andersen. 

Til toppen