Foto: Daniel Johansen
Foto: Daniel Johansen

Rekkehus totalskadd i brann

Natt til fredag tok det til å brenna i seks leiligheiter i Gaupne i Luster. Alle bebuarane vart evakuerte.

Luster: Ifølgje politiet brann det kraftig på staden.

Klokka 23.42 melde politiet at brannvesenet dreiv med sløkking, og at samtlege bebuarar skulle vera evakuerte.

– Flere leiligheter er totalskadde, skreiv politiet.

Brannvesenet melde om kontroll på brannen rundt klokka 01.45. Alle evakuerte vart tekne hand om og innlosjerte ved Gaupnetun hotell. 

NRK skriv at mellom 20-30 brannfolk var i sving på staden for å sløkka brannen. Det skal ha vore folk inne i bustaden då det byrja å brenne, men dei kom seg ut uskadde.

Har du bilete eller tips? Send til tips@porten.no

Porten.no oppdaterer saka.

Til toppen