KONSERT: Det blir ikkje geitostfestival i Undredal i år, men som ei erstatning byr Leif Inge Underdal på konsert med Sigrid Moldestad, Aasmund Nordstoga og Sver, matservering, fjord- og turaktivitetar og live dansemusikk 15. juli. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Byr på eksklusiv konsert til sommaren

Sigrid Moldestad, Aasmund Nordstoga og det svenske folkbandet «Sver» står på scena på bryggja i Undredal 15. juli. 

Aurland: – Me vil gjera det litt eksklusivt fordi det er avgrensa areal på bryggja i Undredal, seier Leif Inge Underdal.

Konstellasjonen Moldestad/Nordstoga/Sver er altså klare for Undredal 15. juli med konsertkonseptet «Fyrsteslåtten», der musikarane kler seg i ei noko meir rocka drakt enn kva dei har på seg til vanleg. Leif Inge Underdal vil laga ei pakke med matservering, live dansemusikk etter hovudkonserten og båtskyss frå Aurland og Flåm.

Guida turar og fjordaktivitetar

– Og me ser på moglegheitene for å få til aktivitetar på dagtid – guida turar og fjordaktivitetar til dømes.

– Det blir ein minifestival?

– Tja, det er ikkje nokon geitostfestival – den tek pause i år. Me hadde eit arrangement me kalla «Fjord og folk» for nokre år tilbake, så det kan vera eg brukar det namnet. Me har ikkje bestemt heilt profilen enno, men ein driv jo med slåtting utover langs fjorden, så det kan bli litt fokus på det og kulturlandskapet.

Eit eksklusivt opplegg, store namn og mange artistar gjer at det blir ein viss billettpris.

– Konserten kosta jo skjorta, så me må ta litt for billettane. Me legg ut til førehandssal, truleg rundt påsketider.

– Siktar de mot lokalt publikum, turistar, eller andre?

– Heile regionen – me vil nå ut litt. Dette er kjende namn nasjonalt, og me har reiselivet å spela på.  

Til toppen