Byr på helse og velvære i vatn

Byr på helse og velvære i vatn

Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL) i Årdal inviterer fleire til å bli med på bassengtrening i Årdalshallen.

Kvar tysdag ettermiddag møtes ein liten gjeng vaksne i bassenget i Årdalshallen for å driva med lett trening.

- No har me plass til fleire, og om du er interessert, er det berre å koma eller ta kontakt med meg om du lurer på noko, smiler instruktør for LHL Årdal, Helge Moen. 

Triveleg og roleg miljø

Moen har vore instruktør for denne gruppa i fleire år, og fortel om eit svært triveleg miljø utan stress og mas.

- Latteren sit laust, folk er imøtekomande, sosiale og trivelege, og eg tvilar på om nokon vil finna dette såpass krevjande fysisk at dei ikkje greier det meste, seier han til Porten.no

HEILT UFARLEG: - Det er berre å møta opp. Eg vil påstå at alle som har vore her, går glade og nøgde heim att, smiler instruktør Helge Moen
HEILT UFARLEG: - Det er berre å møta opp. Eg vil påstå at alle som har vore her, går glade og nøgde heim att, smiler instruktør Helge Moen

Enkel vassgymnastikk på grunna

Det meste av treninga finn stad på den grunnaste delen av bassenget. Moen står i midten og forklarar kva deltakarane skal gjera, medan han gjer det same sjølv. 

- Dette er rett og slett vassgymnastikk i enkel form. Eg set fokus på at armar, skuldrar, nakke og føter blir brukt på ulike måtar, og eg tel høgt kor mange me skal gjera på kvar øvelse, forklarar han. 

I programmet kan til dømes vera 10 høge kneløft, å skyva armane i vatnet fram og attende for å få litt motstand, å stå langs kanten å gjera lette 10 armhevingar, eller å skyva foten til høgre eller venstre nokre gonger.

Ufarleg og sunt

- Det å driva med trening i vatn er vel noko av det mest ufarlege og sunnaste ein kan gjera, alle kan greia det, nesten uansett kva smerter, skadar, sjukdom, eller alder ein måtte ha, seier Moen.

Han understrekar at ein slett ikkje må vera symjedyktig for å vera med, då treninga finn stad der ein står med føtene godt planta i bassenggolvet der vatnet når opp til livvidde.

Treng ein ein liten pause, er det berre å stoppa litt opp. Ingen let seg merke i det.

- Dei som ønskjer det, kan symja litt dei siste minuttane. Likar ein å halda seg på grunna berre for å prata litt, er dette heilt greit. Her blir det ikkje stilt krav i det heile, me har rett og slett ei triveleg stund, smiler han.

Treninga varar i ein time, men det er ingen som heng seg opp i om ein ønskjer å forlata bassenget litt før dette.

- Badstovene står på, og nokon likar å sitja der nokre minuttar etter trening i ro og mak, seier han.

TRENING PÅ DEN GRUNNASTE DELEN AV BASSENGET: Treninga med enkle rørsler går føre seg med godt fotfeste i bassenggolvet.
TRENING PÅ DEN GRUNNASTE DELEN AV BASSENGET: Treninga med enkle rørsler går føre seg med godt fotfeste i bassenggolvet.

Tilrettelagt program

Moen har opp gjennom åra teke fleire kurs for å driva med denne type vassgymnastikk. 

- Blant anna har eg samarbeida med spesialistar på LHL-klinikkane på Feiring for å driva med rett program til ei slik gruppe. Det er ikkje tilfeldig det som ligg i det faste programmet eg køyrer, forklarar han.

Dette tilbodet går til alle, og er du ikkje medlem i LHL enno, kan dette bli ordna utan problem.

- Det er berre å møta opp på ei trening, eller ta kontakt, så blir det ordna med det same. Alle er hjarteleg velkomne, lokkar Moen.

Til toppen