VERDSARV: No har du moglegheit til å gi deg med på ein guida dagstur til Bleia naturreservat, i Lærdal kommune sin del av verdsarven Vestnorsk fjordlandskap. Foto: Magnhild Aspevik. 
VERDSARV: No har du moglegheit til å gi deg med på ein guida dagstur til Bleia naturreservat, i Lærdal kommune sin del av verdsarven Vestnorsk fjordlandskap. Foto: Magnhild Aspevik. 

Byr på unik tur i verdsarven

I det særmerkte fjordlandskapet i Bleia naturreservat har du no moglegheiten til å bli på dagstur med ein kjentmann med inngåande kunnskap om kvifor akkurat dette er eit verdsarvområde.

VERNA: Urvalmua er på lista over utrydningstruga artar. Vestnorsk Fjordlandskap og Nærøyfjorden vart innskrive på UNESCOs verdsarvliste i 2005.
Foto: Magnhild Aspevik

Lærdal: – Dette er ei oppleving du ikkje bør gå glipp av, då du ikkje berre får ein tur, men også moglegheiten til å lære om og oppleva den sjeldne arten urvalmua og det ville fjordlandskapet, seier Torunn Todal Laberg, kulturkoordinator i Nærøyfjorden verdsarvpark, som skal vera med på turen.

Turen er arrangert av Nærøyfjorden Verdsarvpark, som markerer 10 år med verdsarvstatus for Vestnorsk fjordlandskap, og av Friluftlivets år 2015, der Statens Naturoppsyn tek ansvaret for turleiinga. 

Tur i mektig landskap 

Søndag klokka ni startar turen frå Vindedalen. Den går vidare til Vindedalsstølen og til Drøftetjern-gjelet i Inste Drøftene (600 moh) og ned til fjorden. Turen går attende til Vindedalen med båt kring klokka 17.30-18.00 søndag ettermiddag. 

– Me vil gå i roleg og jamnt tempo, men du må veta at du klarar ein så lang tur i fjellterreng før du gir deg med. Me reknar turen som krevjande, terrenget er ulendt med nokre bratte og luftige parti ned til fjorden, fortel Laberg.

TURLEIAR: Rein-Arne Golf, frå Statens Naturoppsyn er med som kjentmann på turen til Bleia naturreservat søndag. Arkivfoto
TURLEIAR: Rein-Arne Golf, frå Statens Naturoppsyn er med som kjentmann på turen til Bleia naturreservat søndag. Arkivfoto

Oppleva og læra om verdiane

Rein-Arne Golf frå Statens Naturoppsyn er turleiar og har inngåande kunnskap om naturen, dyreliv og vekster i naturreservatet. Han vil gi spesiell merksemd til den særmerkte urvalmua, som er utrydningstruga, men som enno finst i Bleia.

Naturreservatet var oppretta i 2004 med formål om sikra urvalmua, som har særleg vitskapleg verdi, i tillegg til å ta vare på det særmerkte fjordlandskapet med urskog, uvanleg storskala ravinar og fjellryggar. På nordsida finn ein Bleia (1717 moh), som har eit 2700 meter relieff som går heilt ned i fjorden.

SJELDAN: Torunn Todal Laberg, kulturkoordinator i Nærøyfjorden verdsarvpark, minnar om å passe på så ein ikkje trør og øydelegger for der urvalmua veks. 
SJELDAN: Torunn Todal Laberg, kulturkoordinator i Nærøyfjorden verdsarvpark, minnar om å passe på så ein ikkje trør og øydelegger for der urvalmua veks. 

– Dette er tilnærma urørt natur. Me lever jo midt i verdsarven. Dette er ein moglegheit til å sjå desse verdiane og lære meir om kvifor dette er viktig å ta vare på, seier Laberg. 

Er dette noko for deg, må du melde deg på til gry@naroyfjorden.no eller på telefon 951 41 438  innan fredag. 

Hugs også å ta med deg rikeleg mat og drikke, 150 kroner til båtskyss, gode fjellsko og turklede. 

Meir informasjon finn du her. 

 

 

Til toppen