FLAUMFARE: Denne brua blir no byta ut med ei flaumsikker ei. Foto: Hydro Energi
FLAUMFARE: Denne brua blir no byta ut med ei flaumsikker ei. Foto: Hydro Energi

Byter ut gangbru – sikrar seg mot flaum

– Dette er eit tryggingstiltak. Med dei store snømengdene som er venta å smelte framover, er ikkje dette noko som kan vente, seier Anneli Nesteng, kraftverksjef i Hydro Energi.  

Gangbrua, som er del av den populære turstigen frå Øvre Årdal til Moa/Ytre Moa, skal no bli byta ut. 

Rivinga av gangbrua frå Moa of forbi indutrimuseet starta måndag av entreprenør O.B Hæreid. I perioden vil Årdal metallverk stenge porten til området og skilte frå begge sider.  

Ventar mykje vatn

– Då brua vart sett opp var den tenkt å vera mellombels. Det er venta store vassmengder i tida som kjem og om det blir varmt i vêret i tillegg til nedbør, er det mykje vatn som skal ned i fjorden på kort tid. Brua må bli byta ut for å ikkje utgjere ein fare ved store vassmengder eller flaum, seier Nesteng. 

Ho fortel at dagens bru kan fange tre og anna som kan kome ned med elva. Det kan føre til oppdemming, der eventuelle brot kan bety oversvømmingar nedanfor brua. 

Ventar ny bru

Både Årdal Turlag, kommunen, sogelaget og museum er informert og vil vera involvert i prosessen med utforming av en ny bru.

Ny bru er venta i løpet av sommaren/hausten. Fram til då, er alternativ veg til Moa/ Ytre Moa bilvegen opp til området. 

HER KJEM DET NY BRU: Turvegen til Moa gjekk her, før brua blir rivi. Alternativ veg til Moa/Ytre Moa er bilvegen.
HER KJEM DET NY BRU: Turvegen til Moa gjekk her, før brua blir rivi. Alternativ veg til Moa/Ytre Moa er bilvegen.

 

Til toppen