UTSTYR: Søndag inviterer skigruppa i Lærdal IL til sals- og byttedag av alt av vintersportsutstyr. Foto: Jan Christian Jerving.
UTSTYR: Søndag inviterer skigruppa i Lærdal IL til sals- og byttedag av alt av vintersportsutstyr. Foto: Jan Christian Jerving.

Bytt til deg nytt skiutstyr – spar miljøet

Det er oppmodinga frå leiar i skigruppa Heine Linga.

Lærdal: Komande søndag inviterer nemleg Lærdal IL og alpingruppa i Vang til sals- og byttedag i kulturhuset i Lærdal. Her kan du bytte til deg, kvitte deg med eller kjøpe alt av vintersportsutstyr.

– Tanken er at dei som har ski, sko, skøyter, alt av vintersportsutstyr som dei kanskje har vakse ut av eller treng nytt, kan ta det med seg og selja det eller bytta noko til seg, seier Heine Linga.

Miljøvenleg

Det er første gongen skigruppa i Lærdal IL steller i stand dette, og inspirasjonen er henta frå andre lag som driv med det same.

– Det er for å hjelpa dei som ikkje har utstyr eller har vakse i frå det. Og så er det jo eit fint tiltak for miljøet ved at ein ikkje kjøper nytt heile tida, seier han.

– Og så er det økonomisk. Dersom det er nokon som har behov for ski og sko til ein heilt ungeflokk, så kan ein få kjøpa det noko rimelegare her.

Mykje utstyr

Alt frå ski, skøyter, slalomski, snowboard, rulleski og skiklede kan ein få tak i denne dagen, og dersom du ikkje har moglegheit til å vere der, opplyser Linga om at ein kan levere utstyret på førehand laurdag i Borgund samfunnshus eller i kulturhuset.

– Og så kjem Laksen kafé til å halde ope, så det er mogleg å få seg ein kaffi. 

Til toppen