– Det er fantastisk gledeleg at ferierande nordmenn aukar samtstundes med den kraftige veksten i utlendingar, seier NHO Reiseliv-direktør Kristin Krohn Devold ei pressemelding frå NHO Reiseliv om tala frå Statistisk Sentralbyrå.
Medan tal hotellovernattingar i fylket auka med 3,5 prosent, hadde campingverksemdene ein auke på heile 22 prosent. Totalt var det då 11 prosent auke i gjestedøgder her i fylket frå juli i fjor til i år.
Nesten 50 prosent fleire sør-koreanarar
Det var aller flest tyskarar, nest flest nederlendarar og tredje mest amerikanarar som overnatta i Sogn og Fjordane i juli stod desse nasjonalitetane for, i følgje ei oversikt Firda har laga :
- Sør-Korea (+47 prosent frå juli 2015)
- Sverige (+ 25 prosent)
- Kina (+ 19 prosent)
- Spania (+ 12 prosent)
- USA (+ 9 prosent)
På landsbasis auka talet på hotellovernattingar med åtte prosent dei to julimånadane samanlikna, derav utanlandske turistar stod for14 prosent auke og norske turistar fire prosent.