PÅ LÅNT TID: Både Chidiebere Nwakali, med ballen, og Kjetil Wæhler, i bakgrunnen, var i Sogndal på lånt tid dette året. Dei er to av fire mellombels innhyrte spelarar som no har flytta frå bygda, og som Sogndal takkar for fin innsats.
PÅ LÅNT TID: Både Chidiebere Nwakali, med ballen, og Kjetil Wæhler, i bakgrunnen, var i Sogndal på lånt tid dette året. Dei er to av fire mellombels innhyrte spelarar som no har flytta frå bygda, og som Sogndal takkar for fin innsats. (Rune Sjøberg, Sogndal Fotball)

Chidiebere Nwakali vert ikkje med Sogndal til OBOS-ligaen, utlånsavtalen med Manchester City sagt opp

Sogndal takkar han og tre andre mellombelse spelarar for flott innsats i årets sesong og ynskjer dei til lukke vidare.

Sogndal: Porten.no fortalde nyttårsaftan om Sogndal-spelaren Eirik Bergum Skaasheim som har valt å leggja fotballskorne på hylla. Sogndal takkar han for lang og god teneste på heimesida si.

Klubben takkar òg fire innleigde spelarar for innsatsen i år, og kunngjer at dei alle har flytt frå saftbygda etter enda sesong.

Forutan Nwakali, er det snakk om Ole Martin Rindarøy, som har vore på utlån frå Molde FK, og Kjetil Wæhler og Espen Næss Lund. Dei to sistnemnde spelarane kom til Sogndal etter at dei eigentleg hadde pensjonert seg frå fotball året før.

Fantastisk frisparkfot

Nwakali er ein ung spelar med aldersbestemte landskampar for Nigeria, og han spela 29 kampar for Sogndal denne sesongen. Han utmerka seg mellom anna med fantastiske frispark- og langskot som stundom suste rett i nettet.

GOD SKOTFOT: Blant anna utmerka Nwakali seg med langskot på mål som var vanskelege for målmennene å hanskast med. 
GOD SKOTFOT: Blant anna utmerka Nwakali seg med langskot på mål som var vanskelege for målmennene å hanskast med.  Bilde: Halvor Farsund Storvik

Siste frisparkperle i krysset kom i heimekampen mot Vålerenga i siste serierunde. 
Nwakali vert òg skildra som ein dyktig teknikar med god pasningsfot. 

Porten.no lukkast ikkje i å koma i kontakt med Wæhler eller Rindarøy for å høyra om dei to forsvararane kanskje vert å sjå på Fosshaugane til neste år, men per i dag er dei ute av klubben. Espen Næss Lund, på si side, gav seg med fotballen att ei tid før sesongen var over. 

Til toppen