DUGNAD: Christer Falck har klokketru på årdølen Odd Einar Nordheim, som han meiner er ei av Musikk-Noregs best skjulte løyndommar. No håpar han lokalsamfunnet i Årdal vil hjelpe til med å få fart på musikkarriera hans.
DUGNAD: Christer Falck har klokketru på årdølen Odd Einar Nordheim, som han meiner er ei av Musikk-Noregs best skjulte løyndommar. No håpar han lokalsamfunnet i Årdal vil hjelpe til med å få fart på musikkarriera hans. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Christer Falck har klokkartru på Odd Einar (45) – no ber han lokalsamfunnet om hjelp

Den kjende plateprodusenten besøker bedrifter i Årdal på jakt etter støtte som kan få fart på artistkarriera til Odd Einar Nordheim (45).

Årdal: – Det er så gøy. Årdøler altså.

Slik skildrar Christer Falck responsen han har fått frå det lokale næringslivet og andre aktørar som har sagt seg villig til å bidra for endeleg å få fart på artistkarriera til Odd Einar Nordheim frå Årdal.

Etter å ha deltatt på eit Prince-show og i seinare tid på Leonard Cohen-hyllesten, som blei sendt på NRK, har årdølen no den medvinden som skal til for å få å sving på sakene.

Allereie halvvegs

Fredag vart det pusta meir luft under vingene til prosjektet. Falck meiner Nordheim er blitt forfulgt av uflaks så langt i karriera og håpar det har fått si ende no. I desse tider er Falck i Årdal for å be bedrifter, privatpersonar og kommunen om økonomisk støtte.

GOD RESPONS: Falck fortel at berre i løpet av ein dag har lokalsamfunnet allereie stilt opp med halvparten av det som må til for å lage ei plate. Her er Nordheim i aksjon på Cohen-konserten.
GOD RESPONS: Falck fortel at berre i løpet av ein dag har lokalsamfunnet allereie stilt opp med halvparten av det som må til for å lage ei plate. Her er Nordheim i aksjon på Cohen-konserten. Foto: Per Ole Hagen, artistpicturesblog.com

– Eg trur alle kjenner historia hans. Sjølv om han har flytta ut av bygda, er det ei sånn unison greia med at alle heiar på han. Me er faktisk over halvvegs til ei fullfinansiert plate berre etter i dag. Og framleis ventar eg på svar frå rundt ti andre bedrifter, smiler Falck.

Plateprodusenten varsla for ein månad sidan at no ville han og Peter Brandt, som har inngått ein management-avtale med 45-åringen, få Nordheim fram i lyset.

Uflaks

Falck var sjølv med på å gi ut plata «Not All Birds Fly With Ease». Trass strålande tilbakemeldingar, gjekk det ikkje heilt vegen. Same veka som albumet kom gjekk Free Record Shop, som stod for om lag halvparten av platesalet, konkurs. 

Då debutalbumet kom nokre år før, blei dåverande sjef i EMI, som også var stor fan av Nordheim, bytta ut. Ifølgje Falck vart albumet nærast skrinlagt før det nådde butikkane.

– Den tredje gongen eg hadde eit skikkeleg ønske om få dette til, gjekk Årdal konkurs. Me hadde fått inn ganske mykje og kommunen ville hjelpa til, men fekk beskjed om at det vart vanskeleg. No må Odd ha brukt opp flaksen sin.

Artistar let seg imponera

Den kraftfulle røysta haustar iallfall merksemd. Etter Cohen-konserten, der 45-åringen song «Halleluja», har telefonen til Falck knapt vore stille.

FRAM I LYSET: Falck og Brandt vil no ha Odd Einar Nordheim fram i lyset.
FRAM I LYSET: Falck og Brandt vil no ha Odd Einar Nordheim fram i lyset. Foto: Per Ole Hagen, artistpicturesblog.com

– Anneli Drecker kom til meg og sa me måtte ha eit møte. Kari Bremnes sat og berre «wow». Mykje hyggeleg skjedde for han då, og då bestemte me oss for å kline til. Facebook-innboksen er full av folk som lurer på kva dei kan gjere med han, fortel Falck.

Han kan til og med avsløre at to av Målrock-artistane har skrive låtar som dei vil ha årdølen til å synge fordi dei er så vanskelege for dei sjølve. 

– Skal ikkje bruke røysta si på å selje frukt

Difor har dei no delt karriera i to. Den eine delen handlar om å få årdølen ut til folket ved å byrja i Årdal og gradvis skape ringverknader som skal dekke heile landet. Den andre delen er knytt til personlege økonomien hans. Viss eit firma i Årdal skal ha sommarfest, kvifor ikkje bruke årdølen som underhaldning. 

– Slik kan det bli sju dagar med jobbing i staden for 24 dagar som fruktseljar på Rema1000. Då blir det meir tid til å jobbe med musikk.

For éin ting er sikkert.

– Odd skal ikkje bruke røysta si på å selja frukt i ein Rema-butikk.

Til toppen