STOR DAG: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale held tale under opninga av Ciderhuset Économusée i helga, medan familien Eitungjerde/Høyvik høyrer på: (frå venstre) Eli Grete Høyvik, Åge Eitungjerde, Heidrun Eitungjerde Høyvik og Gard Eitungjerde Høyvik. Tuba Ardic var oppteken på kjøkenet då biletet vart teke. Alle foto: Ciderhuset.

Ciderhuset i Balestrand utnemnt til Économusée

I strålande sol, med prominente gjester og sprudlande ciderbobler i glasa vart familieverksemda i Balestrand innlemma i den ekslusive Économusée-familien.

Balestrand: Med matministeren og EU-ambassadøren til Norge på plass fekk Ciderhuset i helga offisielt tittelen Économusée, ei nemning berre elleve andre verksemder i Norge, blant dei Aurlandsskoen i Aurland, kan smykke seg med.

– Det er først og fremst eit kvalitetsstempel frå eit internasjonalt nettverk som set handverk i sentrum, seier Eli Grete Høyvik frå Ciderhuset, kjent for mellom anna merkevara Balholm og den populære sommerrestauranten.

Les også: Dreg gjester med bestemors hjortekjøtkaker og breutsyn
Les også: Her er mannen som skal drive kafeen på Dampskipkaia

GREINKLYPP: Rundt seksti gjester var samla på opninga, der matministeren, saman med EU-ambassadør Helen Campbell (i lyseblått, fekk æra av å stå for den symbolske greinklyppinga.
GREINKLYPP: Rundt seksti gjester var samla på opninga, der matministeren, saman med EU-ambassadør Helen Campbell (i lyseblått, fekk æra av å stå for den symbolske greinklyppinga.

Skal formidle levande handverktradisjonar

Å få dette stempelet er noko den driftige familien i Balestrand har jobba mot i vel eit år.

For det stiller nemleg heilt spesielle krav, til mellom anna resepsjonen, der folk kan lære om konseptet, til verkstaden, i dette tilfellet den heilage ciderkjellaren, der folk kan lære om handverket, til butikken, eller boutiquen, der folk kan kjøpe dei ekslusive varene, og til korleis det historiske blir tatt vare på og kombinert med moderne kunnskap.

HISTORISK: Under opninga fortalte Åge Eitungjerde ved Ciderhuset om den gamle fruktpressa som vart kjøpt inn til Balestrand i 1910, samstundes som Lerum og Drægni fekk sine. 
HISTORISK: Under opninga fortalte Åge Eitungjerde ved Ciderhuset om den gamle fruktpressa som vart kjøpt inn til Balestrand i 1910, samstundes som Lerum og Drægni fekk sine. 

– Vi har fått profesjonell hjelp til å oppgradere formidlingsopplegget vårt, noko som gjer det enklare for oss å gje gjestene våre gode opplevingar. Dei gode smakane tek vi oss av sjølve, seier Høyvik.

Den høgtidelege greinklyppinga var det landbruks- og matminister Jon Georg Dale som stod for. Han er imponert over kva Ciderhuset har fått til og meiner det er eit prakteksempel på korleis du kan få utnytta og foredla naturressursar i landbruket.

Fekk skryt av matministeren

– Dei har gjort eit eventyrleg arbeid her gjennom mange år og skaffa seg eit omdøme nasjonalt som ein veldig sterk produsent og formidlar av norske handverkstradisjonar. At eg får love til å vere her på markeringa av at dei blir eit Économusée tykkjer eg er veldig kjekt, seier Dale.

Eli Grete Høyvik seier familien sette stor pris på at dei prominente gjestane tok seg tid til å kaste glans over opningsdagen. Ikkje minst ministeren, som trass alt er øvste mynde innan mat- og drikkebransjen.

– Han er faktisk ein likandes kar og morsomt at han kunne kombinere det med ein frisk duell med bondelaget. At landbruket får rammevilkår som gjer at det går an å leve av å til dømes dyrke frykt, det har vi som bur her all interesse av, seier Høyvik.

FERDIG BOUTIQUE: For eitt år sidan vart det lov for produsentar å selje mjød og eplesider direkte til kundane. Perfekt timing for Ciderhuset som trengte ein butikk for å passe Économusée-konseptet.
FERDIG BOUTIQUE: For eitt år sidan vart det lov for produsentar å selje mjød og eplesider direkte til kundane. Perfekt timing for Ciderhuset som trengte ein butikk for å passe Économusée-konseptet.
Til toppen