OPNA: Slinde Transport skal stå for drifta av anlegget på Håbakken. Pressefoto
OPNA: Slinde Transport skal stå for drifta av anlegget på Håbakken. Pressefoto

Cirkle K har opna truckstasjon i Lærdal​

Anlegget var tidlegare eit YX-anlegg som Circle K no har overteke leveringa til. Her er det tilbod om Truckdiesel og AdBlue.

 

Lærdal: - For Circle K var det viktig å få eit truckanlegg i dette området. Anlegget ligg perfekt plassert på strekninga mellom Bergen og Sogn og Fjordane, og for tungtransport som skal austover, seier Svein-Erik Svendsen, salssjef i Circle K i ei pressemelding.

Det er Slinde Transport som skal stå for drifta av anlegget. Anlegget var tidlegare eit YX-anlegg som Circle K no har overteke leveringa til.

- Me har tidlegare hatt eit dårleg tilbod til våre tungtransport-kundar i Lærdal og dette området. Difor er me glade for at truck-stasjonen no er opna, seier Svendsen.

Til toppen