KJØP GODKJENT: Coops kjøp av Ica Norge blei onsdag godkjent av Konkurransetilsynet.
KJØP GODKJENT: Coops kjøp av Ica Norge blei onsdag godkjent av Konkurransetilsynet.

Coop får kjøpa ICA Norge

Men då må Coop selja 93 butikkar.

Onsdag har Konkurransetilsynet godkjent Coops kjøp av ICA Norges 530 butikkar for 2,5 milliardar kroner. 

Men då må Coop selja under 93 butikkar. Og det har dei tenkt å gjera. 

«Coop har forplikta seg til å selja 43 daglegvarebutikkar til Bunnpris og 50 butikkar til Norgesgruppen for å unngå at oppkjøpet svekkar konkurransen», skriv Konkurransetilsynet i ei pressemelding onsdag ettermiddag. 

«Dette er ei forutsetning for tilsynets godkjenning at Coop gjennomfører desse sala». 

– Denne løysinga ivaretek den nasjonale konkurransen og forbrukaranes interesser. Utan sal av butikkar ville oppkjøpet ført til begrensa konkurranse i ein rekke lokale marknader, og det ville også svekka konkurransen nasjonalt, seier konkurransedirektør Christine Meyer, ifølgje NTB.

I førre månad tilbydde difor Coop seg å selja 103 butikkar på 102 ulike stader i landet, blant anna i Øvre Årdal. No må dei altså kvitta seg med 93 butikkar, men det er ikkje oppgitt kor dette er.

I Øvre Årdal vil Coop ha kontroll over to tredjedelar av marknaden med Rimi og Coop Extra. Den siste butikken her er Kiwi som er eigd av Norgesgruppen. I og med at Coop ikkje kan selja til Norgesgruppen her fordi då vil dei ha kontroll over to tredjedelar av marknaden, kan det tenkast at dersom Coop må selja i Øvre Årdal, så er det til Bunnpris.

Til toppen